
Boligtomter, pasientjournal, ungdom og tilbakeflytting
Spørrerunde i Surnadal kommunestyre
Inger Johanne Iversen (SV) hadde venta på fleire ting til kommunstyret. No la ho merke til at avtalen mellom Vårsøg Hotell og kommunen kom. Ho spurte om det var berre saker med økonomisk konsekvens som er aktuelle å ta opp i kommunestyret?
Oddvar M. Væge (Ap) (til høyre) spurte om de kommunale e-postadressane, der det var vanskelig å logge seg inn og på. Er det ikke enklere måter å gjøre det på?
Lilly Gunn Nyheim (Ap) spurte om kva ordføraren og administrasjonen ville gjere for å legge tilrette for boligtomter i grendene? - Slik det er no er det ikkje tomter å oppdrive på Kvenna, og det er få i Todalen, sa ho.
Einar Grønnes (Sp) (nedenfor til venstre) viste til et brev fra Noregs Bygdeungdomslag, sendt i november 2008, til alle ordførarane i landet med spørsmål om kva dei gjer for å få ungdommen tilbake til bygdene etter avslutta utdanning. Kartlegginga var ein del av prosjektet "Nå er det min tur". Eit av måla var å oppnå rekruttering til landbruket og at fleire jenter skal ta over gardsbruk og utvikle eiga næringsverksemd. - Det har vore ein del fokus på emnet fråflytting og nedgang i folketalet også her i Surnadal kommune. I NBU er dei svært opptatt av dette temaet og arbeider for å skape levande bygder som også ungdom synest er attraktive. Eg stiller meg da spørsmålet kvifor ordføraren i min kommune ikkje tek seg bryet med å svara Noregs Bygdeungdomslag, spesielt når ein veit at Surnadal bygdeungdomslag er eit av dei største i landet?
Else B. Andresen (Sp) spurte om kvifor Surnadal ikkje har fått samhandlingsreformen for Orkdalsregionen til behandling.
Til slutt spurte Marit Kringlebotn (Frp) om pasientjournaler på avveger.
Rådmann Geir Vikan svarte på spørsmål frå Oddvar Væge og Else Andresen:
- Når det gjeld prosjektplan for samhandlingsreformen for Orkdalsregionen vil dette gjelde korleis vi gjennomføre samhandlingsreformen? Rindal kommune er med i Orkdalsregionen. Vi i Surnadal er i en søkarsituasjon og før vi går inn i prosjektet ønsker vi å få avklart kva kommunestyret meiner om legevaktsamarbeidet først, sa han.
- Når det gjelder e-post er vi klar over problemet med pålogging av kommunale e-postadresser. Rådmannen ønsker at dette blir utvikla vidare, sa han og rekna med det vil gå seg til.
Ordførar Mons Otnes (Ap) svarte på spørsmåla frå Inger Johanne Iversen, Lilly Gunn Nyheim og Marit Kringlebotn:
Ordføraren henviste til delegasjonsreglementet og sa at saker av spesiell art vil bli lagt fram. - Slik med kulturhuset og Vårsøg hotell i dagens møte, sa han.
- Når det gjeld boligtomter i Todalen er det snakk om å utvide Flathaugan, der grunneier er positiv. - Til det er det satt av penger i økonomiplanen, sa han. I tillegg er feltet på Kvendset også aktuelt. Når det gjelder Kvenna er Kråkheim aktuelt fortsatt, pluss Nystubakken, der det er mulighet til å utvide. I Bøfjorden er det avsatt penger og tre grunneiere har meldt seg for å sjå på muligheter for tilrettelegging, svarte Mons Otnes.
Han beklaga at brevet fra Noregs Bygdeungdomslag ikke var besvart. - Dette vil bli fulgt opp. Eg synest det er viktig å svare ungdom og ungdomsorganisasjonar, sa han og innrømma at det kunne være en glipp i rutinane her.
- Når det gjelder pasientjournalane er dei brukt til forskning på NTNU gjennom lege Anders Grimsmo. Han inngikk ein avtale i 1991 om å drive forskning. Forskningsmterialet er gjennomgått av stipendiatar i tillegg til Grimsmo, som beklagar saka sterkt. No ligg den hos Datatilsynet, svara Mons Otnes til slutt.

.png)

