HELE GJENGEN UTENFOR SCHLOSS SANSSOUCI (2)_550x478

Språktur til Berlin

I veke 37 var 10 tyskelevar frå studiespesialisering på Surnadal vidaregåande skole på ei vekes språktur til Berlin. Elevane, som er frå Surnadal, Rindal og Halsa, budde tosaman hos tyske vertsfamiliar og var såleis nøydt til å tala tysk med dei. Faglærar Einar Sødergren skriv litt om turen her:

Om dagane hadde elevane først undervisning på språkskule, 3 timar frå 09.00-12.00.  På ettermiddag var det ulike felles aktivitetar, som sightseeing, byvandringar osb. Utanom dette hadde dei fri og måtta klare seg på eiga hand i storbyen. Allereie frå dag 1 måtta dei ta seg fram frå der dei budde til språkskulen med kollektivtransport, noko som kunna vere ei lita utfordring i seg sjølv, og spesielt for dei som budde lengst unna. Men dette tok dei på strak arm! All honnør til elevane som på alle måtar oppførte seg som gode ambassadørar for skulane sine under heile opphaldet!

Elevane våre deltok saman med elevar frå tilsvarande tyskkurs frå Sunndal vidaregåande skole. Dette er andre året på rad at vi to naboskulane samarbeider om dette opplegget. Tysklærarane som var med var Einar Sødergren frå Surnadal og Bente Sande frå Sunndal.

www.surnadal.vgs.no

Heile gjengen samla framom slottet Sanssouci i Potsdam utanfor Berlin:

HELE GJENGEN UTENFOR SCHLOSS SANSSOUCI (2).jpg

" Girl Power" ved restaurantbordet:

GIRL POWER (2).jpg

Brandenburger Tor bei Nacht, Det desidert mest kjente landemerket i Berlin:

branderbruger.jpg