Ase_1024x681

Sprer vårglede på Amfisenteret!

Ein dag i april vart alle barnehagane og oppvekstsentra rundt om i Surnadal oppringt av Åse Snekvik. Ho lurte på om det var nokon som ville vere med å pynte opp Amfi-senteret. Alle ungane svarte: JA! Så no bugnar senteret av mange flotte vårteikningar og måleri. Sjå ein smakebit her på Trollheimsporten. Kanskje kjenner du nokre av dei dyktige kunstnarane?

- Det var så artig å få så god respons! seier Åse Snekvik, som på bildet viser fram måleri frå Bøfjorden oppvekstsenter. Saman med fire andre sit ho i ei kreativ gruppe under senterleiar Lorentz Sæther og prøver å tenkje ut gode og kreative tiltak for butikksenteret. 

- No er det berre for slekt og venner å komme og sjå dei flotte kunstverka, smiler Åse. Teikningane skal nemleg henge på senteret i alle fall ein månad til. Slik skal dei vere med og spre vårglede for besøkande.   

 

Sprer vårglede: barnehagar frå Bøfjorden, Bæverfjord, Midtigrenda, Bårdshaugen, Stangvik, Mo, Skei, Todalen og Øye pyntar opp Amfi Surnadal, berre sjå her: (trykk på linken for å sjå serie)

 

Bhaug_1024x681