IMGP1337

Sprudlende sangkveld

Ingen kunne tru at vi er inne i den mørkaste årstida når ein opplever slik frisk, sprudlande gladsong som vi gjorde på Rindal bedehus tirsdag kveld! Gruppene rundt organist Daniel Bjørlo, Ungdomsbandet Jr. og Salt & Pepper, hadde invitert til sangkvelden.

Begge gruppene song kvar for seg og i lag, og det var mykje allsong der forsamlinga fekk synge gamle, kjente songar, og vi fekk prøve oss på nyare songar.

Husbandet som akkompagnerte allsongen bestod av Daniel Bjørlo, Olav Tørset og Magne Lillegård.

Foreldra sørga både for mat til kaffe'n og gevinstar til utlodninga.

IMGP1335
Husbandet
IMGP1340
Songglad forsamling
IMGP1346
Ungdomsbandet Jr
IMGP1357
Salt & Pepper
IMGP1364
Begge gruppene i samspel