Stabbrenn i to utgaver
Området rundt Snausen og Snausstabben på grensa mellom Rindal og Meldal har stor befolkningsauke i påskeferien. Det har ført til to Stabbrenn i området. Det er trivelege sosiale tiltak med litt konkurransepreg.
Stabbrennet ved Skarløa
Langfredag vart det 8. Stabbrennet arrangert ved Skarløa nederst i Skaret. Det er eit uhøgtideleg arrangement for store og små.
Nedafor er det bilde derifrå.
Stabbrennet i Snausen
Påskelørdag gjekk det tradisjonsrike Stabbrennet i Snausen av stabelen. Det har historie heilt tilbake til 1957 da Even Landsem og Oskar Huseby arrangerte det første Stabbrennet i Snausen. Begge hadde hytte der, og dei ønska å skape eit aktiviseringstilbod til dei andre som ferierte på hyttene sine i Snausen-området.
Stabbrennet i Snausen er framleis eit familievennleg arrangement på seterstølen i Snausen. Det er eit 1 km langt skirenn som du går på eigenbestemt idealtid, du bestemmer tida du vil gå på, og så prøver du å gå rennet akkurat på den tida.
Stabbrennet samla mykje folk frå hyttene og frå bygdene Rindal og Meldal. I 1964 var det 94 namn på deltakarlista. I avisa Sør-Trøndelag stod det i referatet fra Stabbrennet 1979 at Harald Solvik gjekk på akkurat den tida han sette. Eli Solvik og Gerd Kjøsnes var 1,5 sek unna tidene side i dameklassen.
Her er det premiering også, uttrekkspremier og poeng som gir napp i vandrepokal i sølv til dei 6 beste.
I det 44. Stabbrennet siden 1960 var det 36 deltakarar, melder Johan Landsem.
Lars Ole Løseth og Inger Landsem Grøseth delte seieren 1,2 sek. fra oppsatt tid.
Hedda H. Grøseth vart nr. 3 med 1,6 sek og Edith Landsem nr. 4, 1,8 sek. unna den tida ho sette opp. Heiki Haugland har 20 p i kampen om vandrepokalen som ein må ha 28 p for å vinne til odel og eige.
Alle bilda er frå arrangørane!