Stakneslykta på nye tufter
Kystverket erstattar no gamle fyrlykter med nye navigasjonslys. Tysdag vart Staknes lykt på Storberget i Bøfjorden pensjonert og flytta til moloen ved Elvanesset.
Tekst og foto: Bernt G. Bøe
Staknes Fyrlykt har fått nye tufter på moloen ved Bøfjorden Småbåthavn.
Lykta vart reist på Storberget i 1931. Med sine gule, grøne og raude lys synte ho 10 sektorar i farvatnet frå Svinneset ved Torjulvågen via Heggemsneset og Bøfjordholmane til sundet ved Settemsørane.
Lykta viste ein blink kvart 6. sekund. Opprinneleg var lyskjelda ein parafinflamme. Fyrvaktaren måtte justere veiken jamnt, så farten på blinkspjeldet tilsvara ein runde på 6 sekund. For ikkje mange tiår sia kom elektrisk lys og dermed meir stabil blink.
Kulturminne
Bøfjordingen Magne Riksheim, som jobbar i Kystverket, tipsa i vinter Bøfjorden Historielag om at Staknes lykt skulle fjernast frå Storberget. Laget søkte om å få overta – formelt «låne» – lykta og plassere ho på moloen i Settemsbukta. Eit argumentet var å sikre at fyret blir bevart som kulturminne og attraksjon i bygda.
Kystverket sa ja – på visse vilkår: Sektorane må skjermast og ikkje forvirre skipstrafikken, men kan lyse inn mot land. Det raude taket på lykthuset må av same grunn målast kvitt. Kystverket er framleis eigar, men Bøfjorden Historielag låner lykta vederlagsfritt.
Kystverkets «Ona» (bygd på Vaagland Båtbyggeri i 1982) hentar lykta på Storberget.
Lagsamarbeid
Historielaget innleidde straks samarbeid med Bøfjorden Småbåtforening, som med iver og innsats har gjort mykje for å ta vare på kulturminnet. På moloen ved småbåthamna si har foreninga støypt sokkelen der lykta no er plassert.
Flyttinga skjedde tysdag denne veka. Med båten «Ona» vart lykta flytta frå Storberget til sin nye plass på andre sida av Bøfjorden. Alt tilbehør – også krakken og hylla inne i lykthuset! – vart med. Ei kraftig kran sørga for å sette fyret trygt ned på dei nye tuftene.
Kulturminnet blir frakta inn på moloen ved Elvanesset.
Presis krankjøring sikrar perfekt plassering på nystøypt sokkel.
Nye navigasjonslys
Kystverket set no opp ei enkel lyskjelde i staden for fyrlykta på Storberget. Sektorlysa rundt fjorden kjem dermed bort. Ei ny lykt på stake i Bøsundet sikrar navigasjonen for fraktefarty og fiskebåtar inn gjennom Bøbrua og Åsskardfjorden.
Sjøl om mange vil sakne den kvite lykta på Storberget, landemerket som alltid «har vore der», har no heile Bøfjorden, ikkje minst småbåthamna og Elvanesset med restaurant og hyttegrend, fått ein ny attraksjon. Lykta vil alltid vera eit verdig kulturminne for sjøfartsbygda Bøfjorden.
Båtmannskap og bøfjordingar konstaterer vellykka flytting. Nummer 1 frå venstre er matros Torsvik, 4 grunneigar Ingebrigt Garthe, 5 Inge Dønheim frå Bøfjorden Historielag, 7 Nils Ole Bøklepp frå Bøfjorden Småbåtforening og nummer 8 er ferierande kystverkarbeidar og informant Magne Riksheim.
Spilder ny lykt i Bøsundet – driven med solcellestrøm.
Også krakken og hylla frå Storberget skal vera med vidare, meiner matros Torsvik på «Ona».