
Stangvikfestivalen 2010
Opningskonserten vert i Prestegarden fredagskvelden, som held fram med opning av fotoutstilling og detektime i Bondehuset!
Laurdag blir det familieforestilling med Gjermund Larsen og Bom Basker og servering av den tradisjonelle fiskesuppa, før det blir harpespel på Rutlåven.
Der blir det også norsk urframføring av komposisjon av festivalkomponist Maja Ratkje. Biolog og musikant Nils Røv speler og kåserer om folk og fe. Og ikkje minst vil Kulturskulen sine pianoelevar framføre det dei har lært på festival-seminar.
Laurdagskvelden blir avslutta på Bondehuset med ein svært mangfaldig konsert der festivalkomponist og stemmekunstnar Maja Ratkje er hovudsolist. Elles deltek også restauratørsongaren Benito Nava, rapparen Trond Wiger, folketonesongaren Runa Hestad Jensen, operasongaren Tonje Hove og Stian Hovland Pedersen.
Søndag 1.august blir Bondehuset omgjort til Benitos Zia Teresa. I saknet av denne oasen midt i Trondheim har festivalens kunstnariske ledar, Trygve Brøske, gitt Benito oppgåva å gjenskape den unike stemninga. Benito med gamle stamgjester serverer musikalske, verbale og kulinariske høgdepunkt frå den glade Zia Teresa-epoken, og ein vil sjølvsagt by på Stangviks beste kaker!
Etter fotballturnering på Svissholmen blir festivalen avslutta med «Duell på kyrkjebakken», folketonar versus klassisk fiolin mellom søskenbarna Gjermund og Anders Larsen. Frode Haltli avsluttar festivalen akkompagnert av nesten alle festivalaktørane med «Passing Images» av Maja Ratkje. Les og hald deg oppdatert på www.stangvikfestivalen.no.

Alle foto: www.stangvikfestivalen.no

.png)

