
Stangvikgardingane med i Trollheimsporten
Det veks stadig fram fleire lokale initiativ på nett, noko som er svært positivt for både samhaldet og markedsføringa av regionen vår. Nykommaren stangvik.no, som er Stangvik Grendalag si heimeside, har nettopp takka ja til eit samarbeid med Trollheimsporten - kor målet er å synleggjere kvarandre på nett. Trollheimsporten gleder seg til å lese og sjå meir om livet i Stangvika framover!
Det vil altså utvekslast nyheiter mellom stangvik.no og Trollheimsporten, i tillegg er stangvik.no lagt i medlemslista her på porten. På samme måte er link til Trollheimsporten lagt ut på hovudsida til grendalaget.
Stangvik er ein vakker og spennande plass i Surnadal, kor dei har greidd å halde på eit særprega bygdesentrum til tross for berre 50 husstander. Trollheimsporten anbefaler alle å sjå innom sida, kor ein blant anna kan lese den unike historia, halde seg oppdatert på aktivitetar i grenda - for eksempel på "Bryå", i småbåthavna eller samlingsstaden Bondehuset.
I helga, 29.07 - 31.07, er Stangvik sentrum for den årlege Stangvikfestivalen, som absolutt er noko å få med seg! Sjå program på stangvik.no her, og les forhåndsomtale på Trollheimsporten her.
Trollheimsporten baseres i stor grad på medlemmar og samarbeid, og ønskjer du med ditt lag/organisasjon eller bedrift å bli medlem - klikk her og les om moglegheitene. Vær med å synleggjer mangfaldet på nett!

.png)

