
Startar Senterungdommen-lag i Surnadal
26. mars er det klart for oppstartingsmøte for Surnadal Senterungdom. På møtet blir det mellom anna appell frå stortingsrepresentant Jenny Klinge og Surnadal Senterparti sin ordførarkandidat Bernt Venås. Det blir også presentasjon av spennande prosjekt førebuande komité har jobba med, arbeidsplan og val av styre.

- Det har vist seg å vere mange ungdommar i Surnadal som identifiserer seg med Senterpartitet politisk. Difor ønskjer vi no å starte lokallag! Kven kan kome? Alle som tror dette kan vere noko for dei! Ein treng ikkje å vere medlem for å kome på møtet, men det blir høve til å melde seg inn der, informerer Surnadal Senterparti.
Les meir info på partiet si Facebook-side.
Surnadal Senterparti er medlem av Trollheimsporten. Ønsker du å delta i Trollheimsporten med di bedrift? Eller er du medlem av ein organisasjon eller eit lag som har si verksemd i Rindal eller Surnadal? Nytt da høvet til å marknadsføre verksemda gjennom Trollheimsporten! Bli medlem - klikk her!

.png)

