tp_leserinnlegg_valg2019

Statleg finanisering av eldreomsorga

Surnadal FrP har i sitt program for kommunevalet no i haust tatt inn eit punkt om at ein ønskjer at det skal bli statleg finansiering av eldreomsorga. FrP har fått gjennomslag for eit forsøksprosjekt med statleg finansiert eldreomsorg. Staten betaler da direkte for eldreomsorga. Kommunane kan då ikkje prioritere ned på dette området. Seks kommunar har i perioden 1. mai 2016 - 30.april 2019 deltatt i forsøksordninga, som no er utvida med seks nye kommunar for perioden 2019 – 2022. Helsedirektoratet har det overordna ansvaret og tilsynet med kommunane som deltek i forsøket. Forsøksordninga har så langt vist gode resultat, og kommunane som deltek er nøgde. Brukarane opplever også at dei får betre medverknad. Forsøksordninga med statleg finansiert eldreomsorg er så langt vellukka, og det er positivt at ordninga no blir utvida. Skulle ein få ei slik ordning for heile landet, vil innbyggarane ha krav på like gode tilbod om ein måtte bu på Aukra eller i Surnadal. Ordninga vil dermed kunne utjamne forskjellar kommunane i mellom når det gjeld nivået på ulike eldreomsorgstilbod.

I bladet Pensjonisten, som er medlemsblad for Pensjonistforbundet (partipolitisk nøytral organisasjon), står det i augustutgåva om kva forsøkskommunen Lillesand har opplevd så langt. Her er det fullt opp av lovord. I bladet Pensjonisten heiter det mellom anna: «Høyre-ordfører Arne Thomassen får ikke fullrost erfaringene med forsøksordningen med statlig finansiering av omsorgstjenestene. Lillesand-ordføreren har hatt styringen i kommunen i 16 år og trekker fram at kommunen hele tiden har drevet effektivt. I forsøket med den statlige ordningen driver Lillesand kommune billigere enn statens enhetspriser, og kommunen har bygget opp et fond på 15 millioner kroner i løpet av de drøye tre årene den har vært med i forsøksordningen». Dette høyrest bra ut.

Styreleiaren i KS på landsplan er skeptisk til forsøket. Dette er ikkje noko nytt frå det haldet. Det har blitt hevda at får kommunane meir pengar blir det også meir pengar til eldreomsorg. Slik treng det slett ikkje å gå. Røynslene frå evalueringa av eldremilliarden kommunane fekk i si tid viste at ein stor del av pengane blei brukt til heilt andre føremål enn eldreomsorg. Dette kan lett skje ein gong til.

Det er interessant å merke seg at partia Sp og FrP i Stange, heimkommunen til Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, har gått saman om eit felles forslag der desse to lokalpartia ber rådmannen utgreie ei ordning med statleg styrt eldreomsorg i Stange.

Det blir spennande å sjå den vidare utviklinga når det gjeld forsøksordninga med statleg finansiering av eldreomsorga i landet vårt.


Johs. J. Vaag