Statssekretæren på besøk
Statssekretær Ola T Heggem kom til sine eigne da senterpartia i Rindal, Surnadal og Halsa hadde møte på kulturhuset i Surnadal.

Jordbruksoppgjeret var temaet for dei 33 som møtte opp for å få for å høyra på Ola T.
Landbruket og staten er no i starten av jordbruksforhandlingan og statssekretæten var tru til sin arbeidsgivar og kom ikkje med nokre store lovnader på det noverande tidspunkt.
Fakta syner at landbruket har hatt to gode oppgjer no sa Heggem vidare. Kursen vidare er og dei fleste enige om, men størrelsen kan det nok bli verre å bli enige om. like eins bør strukturendringane bremsast og at oppgjeret bør ha ein distriktsprofil konkluderte Heggem med.


.png)

