Surnadal kommunevåpen

27.03.2020:

Statusrapport frå kriseleiinga i Surnadal kommune

Det er framleis ikkje påvist korona-smitte i Surnadal kommune.

Vi er framleis i Fase 1 av pandemien. Fase 2 inntreff først når vi får påvist smitte som vi ikkje greier å oppspora kjelda til. Dei utvida testkriteria som er innført i Surnadal kommune vil gi oss eit betre utgangspunkt for framtidig smittekontroll. Det er naturleg nok mange som ringer korona-telefonen vår for å bli vurdert for testing. Vi er heilt i oppstarten med dette og vil ha effektive rutiner på plass over helga, slik at dei det gjeld kan bli testa og få ei avklaring raskast muleg.

Det er ei kolossal mobilisering for at vi som lokalsamfunn skal komme oss best muleg gjennom denne vanskelege tida. Kommunedirektør Knut Haugen vil gjerne få uttrykke at han er utruleg stolt og takknemleg over den store innsatsen som folk legg ned i møte med nye og store utfordringar. Dette gjeld både kommunalt tilsette og alle andre i lokalsamfunnet som stiller opp og løftar i flokk til beste for fellesskapen.

I den store fellesskapen finnst det og personar som vil vere ekstra sårbare når kvardagsrutinene og dei daglege tilboda blir så drastisk endra som no. Kanskje har du ei bekymring for nokon som du skulle ha delt? Kanskje er det din eigen familie som treng litt ekstra hjelp og støtte? Ikkje nøl med å kontakte barnevernstenesta, slik at dei kan hjelpe den som treng det. Ingen går upåverka gjennom dette og det er kjempeviktig å bidra til å lose alle gjennom ei vanskeleg tid.

Det kan og blir slitsamt for foreldre som over tid kjem i ein krevjande omsorgssituasjon og som kanskje i tillegg sjølv no er komen i ein vanskeleg situasjon. – Ta gjerne kontakt med den aktuelle skulen eller barnehagen din for å høyre om du kan få tilbod på skulen eller barnepass i barnehagen, seier Astrid Mogstad Høivik, kommunalsjef i oppvekst i Surnadal kommune.

Kontaktinformasjon finn du på kommunen sine heimesider, både under beredsskapstelefonar og på korona-sidene.

Det går mot helg og mange kjenner saknet av sosialt samver i lag med andre. Vi minner om at alle må følgje dei strenge reglane for avstand når ein treffest. Inne på offentlege plassar og på jobb skal det vere tilrettelagt for avstand på 2 meter mellom folk. Utandørs kan grupper på inntil 5 personar vere samla om dei ikkje er i same husstand. Og heldigvis har vi godt med plass i Surnadal.

Kommuneleiinga ønskjer alle ei trygg og god helg.