Stavgang i industriområde
Torsdag 5. juni møttest Stavganggruppa ved brannstasjonen på Syltøran. Saman med Hans Christian Hårstad gjorde Jon Nordvik ein framifrå jobb som vegvisar og guide på heile turen, og vi vart mektig imponerte over å høyra om alt som går føre seg i dette industriområdet.
Jon avslutta dagen med å spandera kaffe på deltakarane, samtidig som han fortalde om oppgåvene til Kommunalteknikk og arbeidet dei gjer for å førebyggja brann. Til slutt kunne vi sjå kor fort ein brann kan utvikla seg, og kor viktig det er at vi har røykvarslarar som verkar – helst seriekopla.
Ein stor takk til Jon Nordvik, Hans Christian Hårstad og Emil Fiske for den interessante dagen dei gav oss!
Til slutt takka Martinus Torvik dei to leiarane for ei framifrå orientering, og gav Jon Nordvik og Hans Christian Hårstad ei flott hortensia som takk for jobben.
Neste torsdag blir det frammøte ved Gammelfabrikken i Todalen. Marsjen går i fabrikken og fossen sitt nærområde.
Stavganggruppa ønsker alle EI GOD PINSEHELG!
Tekst og foto: Vidar Sogge (med unntak av eitt bilde).
Ved Brannstasjonen vart vi møtt av Jon Nordvik, som fortalde om opplegget for turen.
Framom rampen for tømmermåling.
Store lunnar med tømmer, klare for å bli skorne til material på sagbruket eller skipa til ein papirfabrikk.
Her skal det fyllast opp med masse frå Folldalen.
Ved silanlegget til den kommunale kloakken i Surnadal.
Skikkeleg ”stafjørru”; har sjeldan sett så lang sandstrand på Syltørane!
På fotballbanen.
Klubbhuset til Surnadal IL i bakgrunnen.
Tre blide trimmarar. (Foto: Randi Sogge)
Med Olav Ranes og Jon Nordvik i tet passerer vi OxyVision.
Framom kontorbygget til MøreTre.
Ved det moderne ”impregneringsverket” og lagerbygninga til MøreTre.
Emil Fiske fortel om gangen frå kvit furu til ferdig Royalimpregnert material. Han kan fortelja at dei impregnerer 90 kubikk i døgnet, og produserer like mykje på 2/3 døgn no som før på ei veke!
Åse Meringdal, Mary Dalsegg og Aud Gjeldnes passerer Hageland.
Oddbjørg og Sverre Einmo passerer ”grensebekken” mellom Syltørane og Røtet.
Under kaffepausen fortel Jon Nordvik om oppgåvene til Kommunalteknikk; ma. veg og vatn, og om Brannvesenet, som i tillegg til å sløkka og hindra brann også rykkjer ut ved bilulykker og arbeider ein god del med førebyggjande arbeid.
Ein del av maskinparken til Brann- og Feiarvesenet.