Stavgang i Todalen
Torsdag 11. september møtte ein sprek gjeng stavgangarar opp til nok ein tur i regi av Surnadal Pensjonistlag. Bileta frå den fine turen dei hadde deler dei meir enn gjerne med Trollheimsportens lesarar.
Denne gongen møtte stavganggruppa opp på Todalshytta, ei av dei fire hyttene som forretningsmannen og sportsfiskaren Ethelbert Lort Phillip fekk bygd først på 1900-talet. Dei andre hyttene er Vangshaugen på Sunndalsfjella, Trædal i Sunndal og Phillipshaugen i Øksendal.
På marsjen langs elva passerer vi eit par kunstig oppbygde hølar før vi kryssar elva (”Fillip-brua”) og kjem til Ramsøya. Matpausen tek vi på Todalshytta.
Neste veke møtes vi ved parkeringsplassen til Kvenndalsvegen. Der organiserer vi oss i færrast mogleg bilar og køyrer samla til gapahuken Kvennbu i Kvenndalen der vi startar marsjen kl 13.00. Marsjen går langs vegen innover dalen. Alle er velkomne, og du treng ikkje bruka stavar.
På tur ned frå Todalshytta.
Vi passerer Bruset.
Ved gapahuken "Fosstrøinn".
Brit Nordvik, Bjørg Bruset, Lisbet Ranes (delvis skjult), Per Bruset, Sven Ranes, Inger Øye, Mary Dalsegg og Sigrun Ørsal ved gapahuken.
Olina Halle, John Dønheim og Brit Herrem Johnsen ved gapahuken.
Stavganggruppa på veg over "Fillip-brua" (Kalvgeilen).
Vi snur ved Ramsøya og følgjer vegen på nordsia av Toåa attende til Todalshytta.
Følgjet svingar opp til Todalshytta.
Frå matpausen på Todalshytta.
Inger Øye, Olina Halle, Olav Øye og Mary Dalsegg har funne fram termos og matpakke.
Tekst og foto: Randi og Vidar Sogge.