Tips en venn
Send til e-post:
Fra e-post:
Melding:
Kode 
Stavganggruppa_1024x681

25 april.

Stavganggruppa starter vårsesongen

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag startar vårsesongen den 25. april. Frammøte ved Ansnessaga i Todalen til vanleg tid (13.00). Marsjen går derifrå mot Vorpneset med Reidar som kjentmann. På returen stansar vi i gardstunet på Ansnesgarden og tek ein matbit. Noko medbragt og noko blir servert. Vel møtt til ny sesong.

Stavganggruppa, terminliste første halvår 2013.
 

25. april: Frammøteplass Ansneset i Todalen. Vi går utover langs fjorden i retning Vorpneset og returnerer til Ansnestunet, der det blir rasteplass.

2. mai: Frammøte ved ”Bonhuset” i Stangvik. Køyrer samla derifrå opp til Grantrøinn (Bøkeskogen) der marsjen startar.

16. mai: Frammøte ved Folkets Hus på Bøvra. Marsjen går i området Hammaren – Austre Aunet nord for Folkets Hus.

23. mai: Frammøte på parkeringsplassen ved arboretet i Svinvika. Folkehelsekoordinator Annett Ranes vil saman med oss markera ”Verdens aktivitetsdag”.

30. mai: Frammøte ved Søyabrua på Kvenna. Marsjen går mot Mulneset.

6. Juni: Frammøte Nestua på Mogstad. Marsjen går til Leikaren.

13. juni: Frammøte ved bommen på Kvenbøen. Køyrer samla derifrå til gapahuken Kvennbu. Marsjen går vidare innover Kvenndalen.

20. juni: Frammøte og parkering på Kårvatn. Marsjen går til Myrvang og Nauståfossen. Rasteplass og servering på Myrvang.

NB! Haustsesongen startar 3. august. Norsk Vandrefestival har invitert stavganggruppa til arboretet i Svinvika, der det vil bli forskjellige aktivitetar denne dagen. Frammøte kl. 11.00.
 

Trollheimsporten har fått tilsendt MANGE flotte bilder fra tidligere turer som stavgangerene har vært på rundt om i Surnadal. Vi håper årets turer skal bli like fine og flotte som de turene som har vært. Lykke til med årets stavgangsesong. Her er det bare å hive seg med for alle som har tid og lyst!

Klikk på bildene og se dem større og i serie.

1
Ved Nauståfossen. Frå venstre: Per Bruset, Elen Todal Øyen, Eli Bergheim, Odd Enge, John Røsand, Brit Nordvik, Lisbet Ranes, Aud Røsand, Grete Torvik, Bjørg Bruset og Martinus Torvik.
2
Guri Saltnes på trekkspel og Lars Vang på fele er faste innslag på når vi er på Vang og Myrvang.
3
På Nordviksetra.
4
Bjørg Gulla og Arne Holten på stavgangtur langs Gammelvegen til Todalen. Langt nede ser vi Svinvika.
5
Bilde frå ein stavgangtur i Kvenndalen. Første rekkkje frå venstre: Petter Mogstad, Tor Mogstad, Liv Heggset, Bjørg Heggset, Brit Nordvik, Åse Meringdal, Mary Dalsegg, Lisbet Ranes, Bjørg Bruset og Ottar Halle. Ståande bak: Olina Halle, Per Emil Meringdal, Per Bruset, Lars Magnar Bævre, Gunnhild Mogstad, Odd Enge, Jon Bævre, Olav Ranes, Ellen-Marie Monstad, Ingrid Lysberg, Aase Alstad og Arne Holten. I bakgrunnen ser vi Trollhøtta.
6
Frå turen til Hammaren – Aunet opp for Folkets Hus. Nordviksula i bakgrunnen.
7
Utsikt frå Årnestrøinn.
8
Utsikt frå Soggnebba. Frå venstre: Sverre Einmo, Sigrun Ørsal og Olav Øye.
9 Vindøldalen_1024x681
På tur over hengebrua ved Pebustoinn i Vindøldalen.
10 Nedre Breiskarsetra_1024x681
Jon Bævre og Ottar Halle tykkjer det smakar godt med trollkrem i solveggen ved Nedre Breiskarsetra.
11
Ved Breiskartolla i Vindøldalen. Frå venstre: Per Bruset, Bjørg Bruset, Ottar Halle, Odd Enge, Jon Bævre og Harry Skrøvset.
12 Alfheim, jaktslottet til lady Barbara Arbutnott
Hausten 2012 hadde stavganggruppa ein busstur til Vangshaugen i Grødalen, og vi gjekk derifrå til Alfheim. Her er ein del samla framom Alfheim, jaktslottet til lady Barbara Arbutnott.
13
Utsikt frå Roparen. Frå venstre ser vi Lisbet Ranes, Martinus Torvik, Dårdi Bruset, Helene Røv, Ingrid Lysberg, Ragnhild Kvendset, Odd Enge, Hallvard Kvendset, Ellen-Marie Monstad og Elen Todal Øyen.