Stavgangtur til Haltbakken og Nordvik
Torsdag 11. juni møttest Stavganggruppa nedanfor Sjølèet og gjekk derifrå til Haltbakken. Vêret er ikkje det beste, grått og litt småregn, men det betrar seg utover dagen.
Matpausen tek vi i det fine grillhuset som vi har fått låne av Magnar Gjeldnes. Her er det god plass til alle, og vi finn ly for vind og regn.
Etter kvart blir det opphaldsvêr, og halvparten av oss forlengar turen og går ein runde til Nordvik, forbi Åsbøhagen, passerer Rabblèet og går Rabbañ oppover til bilane.
Det vart ein regntung start på turen, men det letna litt etter kvart utover dagen. Her står vi i Haltbakken og ser innover Todalsfjorden og mot Nordvik.
Over alt i skogen er det livleg fuglesong, og i vegkanten har kvitsymra vorte erstatta med forglemmegei.
Matpause i det fine grillhuset til Magnar Gjeldnes.
Frå grillhuset. I bakgrunnen skimtar vi den fine badestampen, men vêret tillet verken bading i stampen eller fjorden.
Utsikt frå grillhuset.
På tilbaketuren passerer vi Sjøtrøa, og no har det slutta å regne.
Tekst og foto: Vidar Sogge.