Surnadal Pensjonistlag melder:
Stavgangturer 2. halvår 2015
Surnadal Pensjonistlag si stavganggruppe fortsetter med stavgangturer også etter sommerferien, og inne på saken finner du oversikt over hvilke turer som arrangeres. Første tur er 6.august, og den går til Sjøasetervatnet.
6. august: Tur til Sjøasetervatnet. Denne dagen startar Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag opp etter sommarferien, køyrer utover mot Torvika og parkerer på Sjøaseter. Ein person står nede ved vegen og viser parkering. Har du bil med 4-hjulstrekk eller bakhjulstrekk, køyrer du opp (bompengar bil: 50 kr); men vil du heller ta bussen, kostar det 30 kr tur/retur. Fottur for alle den siste biten opp til vatnet (15–20 min.).
Vi samlast og et nista ved Sjøasetervatnet, ved hytta til Torild og Tor Magne Halset. Ta med sitteunderlag!
13, august: Tur til Tovatna. Vi samlast ved kulturhuset å Skei kl. 8.30 og køyrer med minibuss eller personbil til Kvanne, der vi tek 9-ferga. Deretter ber det opp Sunndalen. Ved Lønset svingar vi av innover Storlidalen, passerer gjennom bommen og køyrer fram til hytta til Olina Halle ved Tovatna. Den som køyrer personbil, parkerer ved bommen ved Negard og får skyss fram til hytta. Middag på hytta. Heimturen om Nerskogen og Vålåskaret. Fotty: joggesko. Ta med sitteunderlag!
20. august: Gråsjødammen i Folldalen.
Vi møtest ved bommen til Folldalsvegen og køyrer i færrast muleg bilar til Gråsjøen. Parkerer bilane ved Aunebakksetra og går inn Storbekklia på austsida av Gråsjødammen. Matpause ved Gråsjøen Fjellstue. Fotty: helst fjellsko. Ta med sitteunderlag!
27. august: Austsida av Krokvatnet (Krokvassdalen).
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møtest torsdag til vanleg tid på nordsida av Dønnembrua, betalar 50 kr i bompengar og kjører samla opp Dalseggvegen til Krokvatnet. Herifrå følgjer vi stien som går til Vaulen, passerer Austergarden og snur når vi kjem til Midtgarden. Komne attende til bilane køyrer vi til hytta hans Ingolf Dønnem der vi tek matpausen. Fotty: fjellsko.
3. september: Toresetra/Øygarden. Vi køyrer oppover Bæverdalen til bommen ovafor Brattset, betaler bompengar og køyrer vidare til Øygarden. Derifrå følgjer vi stien i retning Grytbakksetra. Tek matpause og snur når vi møter stien mellom Grytbakksetra og Hardbakkhytta. Fotty: fjellsko. Ta med sitteunderlag!
10. september: Nordviksetra. Køyrer til Nordvik og betaler bompengar ved bommen som står rett ovafor forsamlingshuset. Køyrer deretter til parkeringsplassen til Nordviksetra og går til setrene; ja, gjerne heilt på Seterhaugen for den som vil. Matpause på Nordviksetra. Fotty: Fjellsko. Ta med sitteunderlag!
17. september: Igltjønna rundt. Køyrer til parkeringsplassen ved Igltjønna og tek ein kort eller lang runde rundt tjønna. Matpause ved borda ved Igltjønna. Fotty: joggesko. Ta med sitteunderlag!
24. september: Båtvika. Vi køyrer til Bæverdalen og fortset utover på nordsida av fjorden til Flesen (skilt). Her har vi to alternativ for å koma til Båtvika:
1: den som vil kan gå den gamle skulevegen
2: eller følgja Ole Flesen, som opnar bommen og vi kan køyra til parkering ikkje langt frå Båtvika.
Vi tek matpausen i Båtvika. Fotty: joggesko. Ta med sitteunderlag!
1. oktober: Rundtur på Røssmoen og besøk i bunkeren. Vi parkerer i nærleiken av Domus og går eit stykke i retning det gamle Svorka-bygget før vi svingar ned mor Røssmoen, forbi Stykket, heimplassen til Hans Hyldbakk, og dreier opp mot bunkeren. Der blir det omvisning. Fortset deretter på runden og attende til bilane. (Den som vil, kan kjøpa seg mat på Domuskafèen.
8. oktober: Vang. Frammøte ved skisenteret på Vang i Røgrenda. Dette blir haustsesongens og årets siste stavgangarrangement. Etter turen blir det servert graut og bakels. Alle tek med drikke.
Når det ikkje er opplyst om noko anna, startar turen kl 13.00.