Steinhakkespett sikrar veg

Ein stor, moderne hakkespett er observert ved Djupdalsbekken! Det er eit firma frå Ofoten som driv og sikrar
bergskjeringa ved Djupdalsbrua, på fylkesvegen mellom Rindal Sentrum og Mjohølkrysset.
(Tekst/foto: Ole Trygve Foseide) 


Vegsikring ved Djupdalsbrua.

Mange har nok registrert steinsprang frå denne skråninga, men no skal det
bli tryggare. Berget blir sikra med 4 meter lange boltar som blir bora inn i godt,
fast fjell, kunne karane fortelje. Etterpå skal skjeringa også sikrast med netting.
- Så får vi håpe at vegen ikkje rasar ut på nersida!

Slikt utstyr når ein langt med.

Stor hakkespett i arbeid.

Boring på høgt plan.

4 meter lange boltar skal sikre berget.