Ni-toget gjekk frå Grimsmokrysset til Nordmøre Folkehøgskule.
Ida Ranes, Maren Husby Haugen, Fride Husby Haugen og Torild Ranes gledde seg over 17. mai.
Ole Moe Stensønes (5 1/2 år) kosa seg med ballongar og leik på NoFo.
Musikarane og drilljentene i Surnadal Skulekorps var på plass.
Full innsats frå Ørjan Sæther Gravvold (4 1/2 år) under ballkastinga.
Geir Bævre (10) og Fredrik Stene i humørfylt potetbalanseringskonkurranse.
Sekkeløp er alltid populært!
Feiringa starta med paraplyvêr, men seinare tok regnet pause.
Hovudtoget gjekk frå Øye via sjukeheimen til kulturhuset.
Russen var sjølvsagt på plass.
Stemninga på topp hos Eirik Myro Heggset og dei andre i toget.
Bunader, flagg og mykje folk prega årets hovudtog i Surnadal.
Fløytist Gudrun Sylte og resten av Surnadal Hornmusikk hadde ein travel dag.
Skuleklassane hadde laga eigne faner for dagen.
Erling Andre Sæthervik helsa frå årets russ.
Is høyrer med på 17. mai.
Godt å få litt bere-hjelp i toget!
Dei mange som hadde møtt fram for å feire, fekk høyre Nils Magnar Torvik halde tale for dagen.
Lone Naustbakk, Maria Dønnem, Berit Eid Sæter og Ida Svanem selde russeavis utanfor kulturhuset