Dordi og Ola_1024x683

Stemningsfullt juletorg i Svinvika

Også i år strøymde mange til da dørene vart opna til juletorg i arboretet i Svinvika. Mange kom i god tid og stod allereie og venta for å sikre seg dei beste godbitane da folket vart sleppt inn klokka eitt laurdag. Og godbitar var det mange av, anten dei no var beregna til å putte i munnen eller ikkje. Her var det lokalprodusert handverk, bakverk, godt på flasker og glas, julenek og himmelske godbitar til kaffen etter endt handel, for å nemne noko.

 

Avdelingsleiar ved Surnadal museum, Dordi Kjersti Mogstad, med ein sopelime laga av Gudmund Kvendset  og Ola Skjølsvoll  med sjølvprodusert honning, begge produkt til salgs på juletorget i Svinvika. Alle foto: Norunn Holten

Det er i år tredje gongen det blir arrangert juletorg i Svinvik arboret, og både  tilboda og etterspørselen tilseier at dette også i framtida bør forbli ein tradisjon. Intensjonane til museet med juletorget  er ikkje berre å gi folk ein stemningsfull julehandel. Dei ønskjer også å få fram dei gode ideane og det gode handverket i distriktet. Dei vil og inspirere til eigen aktivitet rundt om i heimane. Det trur vi dei greidde. Her var det mange idear å plukke opp, både på torget på låven og i kafeen i huset. Rimeleg råmaterialar til julepynting kunne inspirere både til laging av pynt og turar ut i skog og mark etter nye skattar. Og safranbrøda som kunne kjøpast til kaffen; skikkeleg nam-nam!

Elles var vareutvalet på juletorget allsidig - og dei ulike varene var laga lokalt og ved hjelp av ulike teknikkar, slik museet reklamerte med på førehand;

Bunde, tvinna, dreidd og pussa...
hekla, sauma, strikka, tredd...
Plukka, sylta, safta, trilla…
tørka, trykt og takkesteikt!

Museumskonsulent Maja Frønes med ein del av utvalget på juletorget.

Representant for vertskapet, Toril Redalen, og innhyrt for anledninga, Ragna Kvendset, kan konstatere stor interesse for arboretet sin eigne produkt.

 

 

 

 

 

 

 

 

Biletra over skulle vise litt av spennet i vareutvalget på juletorget.