
Stengt ferjekai natt til 16.mai
Kvanne ferjekai, i sambandet fv. 670 Kvanne – Rykkjem, blir stengt i tidsrommet frå tysdag 15. mai kl. 2225 til onsdag 16. mai kl. 0515. Dette medfører at siste avgangar tysdag 15. mai vert slik: Frå Kvanne kl. 2130. Frå Rykkjem kl. 2215. Første avgang onsdag 16. mai er kl. 0515.
Grunnen til stenginga er at det skal støypast nytt landkar. Vi beklager ulemper som vert påført naboar til kaiområdet, nærmiljøet, og trafikkantane i sambandet Kvanne – Rykkjem. Spørsmål vedkommande arbeidet, kan rettast til prosjektleiar Ole Kr. Birkeland, 909 68 712.