Sterk i kjemi
Surnadal vidaregåande skole melder at Mari Fiske i 3ST1 var blant dei 50 beste i landet (og den aller beste i Møre og Romsdal) i 1. runde av Kjemiolympiaden! Ho vart nummer 29 av 1126 deltakarar! Ho vart faktisk nr. 29 av 1126 deltakarar i 1.runde!
Av dei 50 beste vart fire elevar trekt ut til å vere med på Berzeliusdagarna i Stockholm i januar 2017, og Mari er ein av dei! Vi gratulerer Mari og ønskjer ho lykke til vidare i konkurransen og god tur til Sverige!
Vi gratulerer også faglærar Jon Moen som for andre år på rad har ein elev som hevdar seg heilt i norgestoppen i kjemi!
Tekst/foto: Surnadal vgs
Nedafor ser du diplomen Mari Fiske fekk etter 2.runde.