
Sterk konsert av Kulturskulen
Bandlærar Rune Dalager har all grunn til å vera stolt over denne lovande og lange rekkja med unge artistar. Alle foto: Norunn Holten
I tillegg til fleire band frå Kulturskulen for indre Nordmøre deltok også eit par gjesteband frå Sunndal på konserten i Storstuå. Ein litt over halvfull sal fekk oppleve mange gode prestasjonar frå scenen både frå artistane som var på heimebane og gjestane frå Sunndal. Eit flott publikum gav gjestane minst like god respons som kulturskulen sine eigne elevar, noko dei også fortente. Banda framførte eitt til tre innslag kvar, og minst eitt av innslaga til kvart band hadde "tårar" som tema. Trass i dette vart det ikkje nokon trist konsert. Lydnivåret var høgt og røyken til tider tett, slik seg hør og bør på ein rockekonsert.
Banda som var med var: "Black" med Maren Holte på gitar, Jon Robin Sæter på trommer, Eva Marie Øye på bass og Kristine Holte, song. "Thunder" frå Halsa med Peder Vågland på keyboard, Jonas Kanestrøm på trommer, Anders Bøe på gitar, Olaf Bruset på bass og Eivind Glåmen, gitar og song. "Intelligent turtles" med Ingrid Fiske på keyboard, Inga Husby Foss på bass, Ivar Bergheim på trommer og Mari Fiske, song." The Jo-Jo's" eller "Tarmgass": Jon Heggem, bass, Anders Gjerstad Lindvåg, trommer, og Jo Inge Nødset, gitar og song. For anledninga var også bandet forsterka med ein fjerde person." Emergency" stilte med Oddrun Flostrand Schei som vokalist, Stian Tonning Flatset på bass, Trym Skogset på gitar, Bengt Preben Svinvik på gitar og Vetle Kvande på trommer. "Humør" bestod av Sveinung Helset Halle på bass, Øystein Seter, trommer, Kennet Ødegård Sørvik, sologitar, Per Helge Årnes, gitar og Ann Iren Brøttumsmo song." Zplint" bestod av Ola Ingebrikt Dønnem på trommer, Sven Ranes på gitar, Torstein Snekvik, song og gitar, og Olav Nordvik, bass. I tillegg deltok også Sunndalsbanda" Highway of sorrow" og "Known as unknown". Dette er alle band det er all grunn til å følgje godt med i tida framover, for her var det mange talent og lovande takter.
Over: Til venstre: Jo Inge Nødset frå The Jo-Jo's, bandet som for anledninga kalla seg "Tarmgass", eit namn som ikkje akkurat var dekkjande for prestasjonane til bandet. Flott framføring av Beatlesmelodien "While my guitar gently weeps"!
Til høgre: Kristine Holte, vokalist i Black.
Maren Holte og Eva Marie Øye i bandet "Black". Heilt til høgre skimtar vi trommis Jon Robin Sæter.
Mari Fiske og Inga Husby Foss frå bandet "Intelligent turtles".
Kennet Ødegård Sørvik, Øystein Seter, Per Helge Årnes, Ann Iren Brøttumsmo og Sveinung Helset Halle utgjer bandet "Humør".
Zplint med Sven Ranes, Ola Ingebrikt Dønnem, Torstein Snekvik og Olav Nordvik fekk liv i salen.