
Sterk sykkelprestasjon

Nibberittet går frå Geiranger sentrum og opp til Dalsnibba, 1500 meter over havet. Rune Kvande gjorde unna det tøffe rittet på tida 1 time 19 minutt og 14,5 sekund, noko som altså heldt til ein sterk tredjeplass.
Lasse Skjølsvold vart nummer åtte i klasse 40-49 år, medan Lars Peder Solli, også han frå Trollheimen Sykkelklubb, kom på 14.plass i den same klassen,
I klasse 30-39 år vart Halvor Drøpping nummer ti, Ronny Aasen kom på 23.plass og Ola Vasseng på 28.plass.
Linda Aasbø Kvande deltok i halvmaraton og kom på 4. plass i klasse K23-39 år. Örjan Ericson frå Rindals-Troll sprang halvmaraton og kom på tredjeplass i klasse M40-44.
Kristine Einum sikra seg tredjeplassen i Dalsnebba miniton kvinner, der løpet startar 1038 meter over havet og målpassering etter fem kilometer er på 1500 m.o.h.
For komplett resultatliste, med alle deltakarane frå Trollheimsporten-medlem Trollheimen Sykkelklubb, sjå her.

.png)

