Header

Rindal IL fotball:

Sterkt resultat av damelaget

Heimelaget Rindal, i damenes 7`er-serie, fekk måndag kveld besøk av den suverene serieleiaren Heimdal, som før kampen hadde tilgode å avgje poeng i årets sesong. Det vart ein tett kamp på Skogsletta i strålande seinsommarvèr.

Heimelaget gjekk rett i strupen på gjestane og produserte sjansar på løpande band, og det var særs fortent då Rindal IL gjekk opp til 1 - 0 etter ti minutts spel. Det var Mali Løset som sette ballen i mål. Løset spilte forøvrig ein meget god kamp og skapte trøbbel fleire gonger for gjestanes forsvar. Det skulle ikkje gå meir enn eit par minutts spel til, før ball nummer to satt i nota bak Heimdals sisteskanse. Det var Randi Fiske Pedersen som fiksa to måls leiing, etter flott angrepsspel av dei kvite og raudkledde vertane. Heimdal produserte knapt ikkje noko farlegheiter i første omgang framom målet til heimelagets burvaktar, Mona Bolme Nonstad, som hadde ein god kveld mellom stengene. Pauseresultatet vart 2 - 0.

I andreomgangen kom gjestane meir med i kampen og klarte å komme seg oftare inn i Rindals bakrom, og dei såg litt farlegare ut. Det var likevel litt ufortent på dette tidspunktet at dei fekk ei redusering tidleg i omgangen, for heimelaget hadde produsert dei fleste sjansane så langt i kampen. 2 - 1. Etter dette fekk gjestane blod på tann og pressa heimelaget meir og meir og viste at det ikkje var tilfeldig at dei ikkje hadde avgjeve poeng så langt i sesongen. Heimelaget hang godt med, men kunne ikkje forhindra at utlikninga kom mot slutten av omgangen. Fleire mål vart det ikkje, trass i fleire gode sjansar til begge lag. Heimelagt kan vera særs godt fornøgd med innsatsen, og med litt høgare effektivitet, kunne alle poenga lett vorte att i Rindal! Uansett; Sterkt resultat og bra spel!

Rindal IL - Heimdal    2 - 2 (2 - 0)

Rindal`s lag: Mona Bolme Nonstad,Mali N.Løfald, Åse Børset, Ailin van Til, Mali Løset, Solveig Løset, Randi Fiske Pedersen, Anne F. Røen, Mia Bakken, Unn Inger Halgunset, Siri Sylte Heggset.

Ailin med stor sjanse.JPG
Stor sjanse ved Ailin van Til, men mål blei det ikkje denne gongen!

Corner ved Anne.JPG
Anne F. Røen legg corner

Mali Braut legg inn.JPG
Mali Løset fyrer av!