Stipend til Surnadalskunstnar
Kultur- og folkehelseutvalet vedtok i dag å tildele kunstnarstipend for 2018 til åtte kunstnarar, og ein av dei er kunstnaren Jon Arne Mogstad frå Surnadal. Stipenda skal vere med å styrke Møre og Romsdal som kulturfylke, skriv Møre og Romsdal Fylkeskommune på si heimeside.
Det er tredje året Møre og Romsdal fylkeskommune deler ut arbeidsstipend i tillegg til ordinære kunstnarstipend, og totalt vart det delt ut 600 000 kroner.
Les meir her.