DSCN4768 (3) hagen 2012

Stjernehagen open for alle

Også i år byr Bioforsk Økologisk på faste omvisingar i demonstrasjonshagen på Tingvoll gard. Hagen er open for ferdsel på eige initiativ kvar dag, med tilbod om guida turar nokre laurdagar.

- Vi håper mange vil besøke hagen i år, seier rådgjevar ved Bioforsk Økologisk, Susanne Friis Pedersen (avbildet til høyre, foto: Anita Land, Bioforsk). Ho er ansvarleg for drifta av hagen, og fortel at i år har dei eit litt spesielt forsøk med ulike tomatsortar på friland. Neste gong det er guida tur i hagen er 21. juli, deretter 28. juli. Søndag 5. august har Norsk Vandrefestival eit arrangement på Tingvoll gard, og søndag 26. august er den årlege kjøkkenhagedagen.

Sin eigen guide
Som sagt kan ein vere sin eigen guide i hagen. Med ein skriftleg vegvisar i handa kan kven som helst vandre fritt i hagen, og finn ein mykje informasjon om det som spirar og gro.

- Vi håper folk tar med venner og kjente og bruker hagen, seier Susanne Friis Pedersen, som i sommar kan vise fram ein hage med mange nyttevekstar, grønsaker og blomster.

 

 

Det er fri tilgang i hagen på Tingvoll gard kvar dag. Spesielle laurdager er det guida turar. Foto: Kirsty McKinnon, Bioforsk.