ingress

Surnadalsmesterskapet i straffespark:

Stjerneligaen FC vann straffekonken - Kolltveit Sæter vann bil

Heile 105 deltakarar frå 21 lag var laurdag samla til tidenes første Surnadalsmesterskap i straffespark. Både bedriftslag, vennelag og aktive utøvarar deltok i konkurransen, og undervegs vart og vinnarane i SIL Fotball sitt billotteri offentleggjort.

Ingressfoto: Skal det løftast pokal, skal det gjerast skikkeleg! Trond Ellevset Blekken (f.v.), Jan Roger Finnvik, Kjetil Rønning, Sverre Fiske og Dan Blekken kan kalle seg "Surnadalsmestere i straffespark".

I det som utover dagen vart solsteik på Syltøran, vart det tidleg klart at folk frå Surnadal og omegn er meir enn klare for fotballarrangement og -aktivitet.

For med god, avslappa stemning og flotte prestasjonar frå både målvakter, straffetakarar, dommarar og frivillige, må laurdagens arrangement kunne seiast å vere ein suksess - og forhåpentlegvis starten på ein ny tradisjon.

Tilskodarane, som på grunn av koronarestriksjonar var dei deltakarane som til ei kvar tid hadde pause, fekk sjå mellom anna straffespark med innlagt salto i same bevegelse av A-lagsspelar Vegard Gjul, at Sander Dahle Fiske fødd i 2005 sette sju av sju straffespark i mål, og to strake straffespark i krysset og påfølgande vill jubel frå MOT-representantane på laget OverMOT.

– Det ser ut som om folk kosar seg, og det er kjempeartig å sjå at arrangementet går så godt. Alt har fungert etter planen, bortsett frå straffeskytinga mi, ler primus motor Trond Ellevset Blekken etter det innleiande gruppespelet.

Saman med styrekollega Bjørnar Strand i Surnadal IL Fotball har han vore komiteen for Surnadalsmesterskapet i straffespark.

Det skal seiast at Blekken, som på intervjutidspunktet hadde scora på berre eitt av tre straffespark, til slutt enda opp på vinnarlaget.

IMG_9368.jpg
Primus motor Trond Ellevset Blekken og styreleiar i Surnadal IL Fotball, Ellbjørg Haugen Larsen, tek imot betaling frå Ole Bævre, som deltok for Team Buråken. Dei var det einaste laget som vann alle gruppespelkampane sine, men i kvartfinalen vart det 2-4-tap mot sølvvinnar Farlig Tversover BK 2.

IMG_9443.jpg
OverMOT, med Kristin Børset (f.v.), Åse Børset, Laila Sollid, Oddrun Husby og Eva Sæterbø, var dagens mest entusiastiske lag, og varta opp med fleire nydelege straffescoringar. Laget tapte knepent 3-4 mot klassevinnarane Talgø - The Royal Trekokers i kvartfinalen.


"Stjerneligaen FC" og "Talgø - The Royal Trekokers" til topps

I klassa «Åpen-aktiv», med 12 påmeldte lag a fem straffetakarar, var det nemleg Stjerneligaen FC som stakk av med seieren:

Trond og Dan Blekken, Kjetil Rønning, Sverre Fiske og Jan Roger Finnvik slo til slutt Farlig Tversover BK 2, med Jonas Jordet Bergem, Martin Bolme Fjerstad, Lasse Vaseng Hansen, Vegard Dønnem og Eirik Vang Aas, i finalen.

Dermed kvalifiserte dei seg til Superfinalen, der dei skulle møte vinnaren av den andre klassa, «Familie/venner/bedrift». Etter ein lang, spennande klassefinale mellom 07 Coaches og Talgø - The Royal Trekokers, var det sistnemnde som trakk det lengste strået, 8-7.

Dei vart dermed krona til vinnarar av si klasse, etter imponerande straffeskyting frå Axel Otnes, Narve Madaus, Trygve Talgø Buvik, Ronald Snekvik og Olav Todal. For sølvvinnarane 07 Coaches stilte Halvor Drøpping, Rolv Lysø, Kenneth Bergstad, Terje Haugen og Henrik Blekken.

I Superfinalen kom Talgø-laget til slutt til kort mot Stjerneligaen FC, etter at Dan Blekken sette inn det avgjerande straffesparket.

Dermed er det den rutinerte kvintetten tidlegare A-lagsspelarar som kan smykke seg med tittelen «Surnadalsmester i straffespark». Og det sjølv om dei åpna forsiktig, som gode lag ofte gjer, med scoring på berre eitt av fem straffespark i den første kampen sin.

IMG_9537.jpg
Axel Otnes frå Talgø - The Royal Trekokers set ballen heilt ned i hjørnet i klassefinalen mot 07 Coaches. Keeper Steinar Bæverfjord Ranheim må konstatere at det blir scoring.

IMG_9579.jpg
07 Coaches tok sølv i klassa "Familie/Venner/Bedrift". F.v.: Rolv Lysø, Henrik Blekken, Halvor Drøpping, Terje Haugen og Kenneth Bergstad.

IMG_9603.jpg
Dei to klassevinnarane, Stjerneligaen FC og Talgø - The Royal Trekokers, med Superfinalekeeper Lars Ove Løseth mellom seg.


Bronse til Damærne og ALTI MÅL & MENING

I bronsefinalen i «Åpen-aktiv» vann Damærne, som vann gruppa si, 3-2 over G16-laget Nonstop Supreme.

Damærne stilte med Oda Bæverfjord, Stine Fiske, Ine Fiske, Else Vaseng Kvammen og Marte Nes, medan Vidar Humberset, Sander Dahle Fiske, Ørjan Møkkelgjerd, Espen Andersen og Erik Mikkel Settemsdal skaut straffespark for fjerdeplasserte Nonstop Supreme.

ALTI MÅL & MENING tok bronsemedaljane i «Familie/venner/bedrift», etter at Marit Solvik Næss, Bjørnar Skralthaug, Ingvar Sæther, Sivert Fiske Strand og Ola Inge Sæther vann 3-2 over Erling Fiske, Gry Norshusstuen, Magnar Heggset, Råg Schei og Terje Polden.

Målvakter for dagen var Henrik Talgø, Thomas G. Bjerkan, Mattis Fiske, Håkon Bævre, Torstein Snekvik, Steinar B. Ranheim, John Arvid Aamodt og Lars Ove Løseth, medan Ola Magne Nordvik, Per Iver Skrøvet, Stig Morten Gjørsvik og Rolf Gunnar Hamnes stod for dømminga.

Trond Ellevset Blekken fortel at han er strålande fornøgd med dagen, og let seg imponere over både dei som skyt og reddar.

– Dette vart akkurat slik vi hadde tenkt, så eg vil rette ei stor takk til alle som har hjelpt til med å få gjennomført konseptet, seier han.

IMG_9449.jpg
"Damærne", med Marte Nes (f.v.), Stine Fiske, Ine Fiske, Else Vaseng Kvammen og Oda Bæverfjord, imponerte stort frå straffemerket. Til slutt enda dei på tredjeplass.

IMG_9572.jpg
ALTI MÅL & MENING tok bronsemedalje i klassa "Familie/Venner/Bedrift". Frå venstre Ola Inge Sæther, Bjørnar Skralthaug og Marit Solvik Næss, som får medaljar frå styreleiar Ellbjørg Haugen Larsen i Surnadal IL Fotball og dagleg leiar Sondre Ormset i Surnadal IL. Ingvar Sæther og Sivert Fiske Strand tok og straffar for Alti-laget.

IMG_9480.jpg
Ola Magne Nordvik (f.v.), Rolf Gunnar Hamnes, Stig Morten Gjørsvik og Per Iver Skrøvset var dommarar under straffekonkurransane.

 

Billotterivinnarane annonsert

Litt ut i sluttspelet var det klart for offentleggjering av vinnarane i Surnadal IL Fotball sitt årlege billotteri. I år var det Nina Kolltveit Sæter som vann hovudpremien, ein E-golf levert av Sveen Auto, medan Ann Iren Bævre vann andrepremien – eit ALTiEtt-gåvekort frå Alti.

Dagleg leiar i Surnadal IL, Sondre Ormset, opplyste om at det i år vart selt 1509 lodd, til ein samla verdi av 452 700 kroner.

IMG_9531.jpg
Dagleg leiar Sondre Ormset annonserte Billotteri-vinnarane i samband med arrangementet laurdag.

IMG_9370.jpg
Consto: Einar Drøpping (f.v.), Gøran Settemsdal, Eirik Nordvik, Jonas Holten og Lars Egil Rindal.

IMG_9456.jpg
Strakvrist FC: Erik Kvendset Andersen, Tore Næss, Bjarne Østbø, Jan Helge Uggedal og Nils Arne Røen.

IMG_9478.jpg
ØSIL: Kay Roger Bævre (bak frå venstre), Jo Bjørnar Fiske, Trond Ivar Fiske Pedersen, Gøran Bolme og Kristian Nerland (framme).

IMG_9517.jpg
Råg Schei frå Hopsop jublar for scoring.

IMG_9553.jpg
Talgø - The Royal Trekokers jublar for klasseseier. Bak frå venstre: Axel Otnes, Ronald Snekvik, Narve Madaus og Olav Todal. Trygve Talgø Buvik framme.

Det vart bra med liv på Syltøran, i og med at det til ei kvar tid var 85 deltakarar som ikkje hadde kamp, og som dermed heia frå tribuna:

IMG_9373.jpg

IMG_9374.jpg

Fleire bilete frå turneringa:

IMG_9416.jpg
Her har Håkon Bævre nettopp redda straffe frå Gøran Bolme.

IMG_9424.jpg
Og vi kan avsløre at han redda dette skotet frå Ingvar Sæther og.

På bileta nedanfor ser vi Alti-sjef Lars Ove Løseth redde straffespark frå Dan Blekken:

IMG_9491.jpg
IMG_9492.jpg
IMG_9493.jpg
IMG_9494.jpg
IMG_9495.jpg

Og her løftar mesterlaget Stjerneligaen FC pokalen:

IMG_9627.jpg
IMG_9628.jpg
IMG_9629.jpg
IMG_9630.jpg
IMG_9631.jpg
IMG_9632.jpg