Stjernestøv

«Stjernestøv» til 1000

Meir enn 1000 billettar er selt, men det er enno ledige plassar på musikalen «Stjernestøv», med Sigrid Vetleseter Bøe i ei av rollene. Torsdag er det urpremiere på Sunndalsøra, laurdag blir det to forestillingar i Surnadal kulturhus.

Bildet over: Erik Wenberg Jacobsen, Esben Bråten og Sigrid Vetleseter Bøe på veg ned Yukon River i «Stjernestøv».

«Stjernestøv» er inspirert av nordmøringar som deltok i det vanvittige gullrushet til Klondike på 1890-talet. Sigrid spelar den unge kvinna Ingrid, halvt surndaling og halvt øksendaling, som hamnar i svært dramatiske situasjonar under ferda inn i villmarka. Også forholdet til dei to partnerane hennar, stangvikgardingen Olav (Erik Wenberg Jacobsen) og sunndalingen Gunnar (Esben Bråten), rommar atskilleg drama.

Musikalen er skriven av Lars Ramsøy-Halle (musikk) og Svein Sæter (tekst). Førstnemnte er også ansvarleg for lyddesign. «Stjernestøv» er ei forestilling med mykje musikk, lys, lyd og bilde, alt ramma inn av scenografien til Carsten Andersen. Den kjente skuespelaren Elisabeth Matheson har regien.

Allereie før premieren kan ein slå fast at «Stjernestøv» blir ein publikumssuksess; det er selt godt over 1000 billettar.

Premieren i Sunndal kulturhus er så å seie utselt, og både på fredagens framsyning same stad og laurdagens første i Surnadal kulturhus er det berre få billettar igjen. På den sisteforestillinga i Surnadal laurdag kveld er det enno bra med billettar.