OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Støttekurs for privatistar/elevar

Surnadal vidaregåande skole vil starte støttekurs hausten 2012 for vaksne som ønskjer å ta fagbrev i helsearbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget. I samband med dette inviterer skolen til informasjonsmøte måndag 18.juni kl 20.00.

Ein føresetnad for oppstart av kurset er at det er nok vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring. Du har rett på vaksenopplæring frå og med det året du fyller 25 år dersom du ikkje tidlegare har fullført vidaregåande opplæring.

Du bør minimum ha om lag 3 års relevant fagpraksis ved kursstart. For privatistar er kravet 5 års relevant praksis før ein kan gjennomføre fagprøva.

Kurset vil gå over tre semester, ein dag/kveld pr. veke med einskilde helgesamlingar i tillegg.

Møt opp på informasjonsmøtet på Surnadal vidaregåande skole måndag 18.juni kl 20.00 - 21.00, eller meld di interesse til:

Hogne Håvik Humberset (Surnadal vgs) 71 65 52 70

Surnadal vidaregåande skole 71 65 52 20 surnadal.vgs@mrfylke.no

Heimeside: www.surnadal.vgs.no

OLYMPUS DIGITAL CAMERA