
Stopp i kaiarbeidet
Kaia på Kvanne er utsliten og arbeidet med ny tilleggskai vart oppstarta for ein stor månad sia. No er arbeidet stoppa da pelingarbeidet førte til store ristingar i nabohuset til kaia. melder driva.no. Arbeidet med tilleggskaia (piren) er såleis utsett og all reiskap og peleutstyr er flytta frå Kvanne. Vegvesenet vil no vurdere alternative pelingsmetodar som ikkje sett hus og heim i fare. Senioringeniør Steinar Sigerseth håpar likevel arbeidet kan startast igjen over sommaren.
Utbetring av tilleggskaia var eitt prosjekt. Men Vegvesenet planlegg også ombygging av sjølve brubåsen og montering av ei lengre og breiare ferjekaibru i år. Det må gjerast før den større ferja kjem ved årsskiftet.
Sjølve arbeidet vil vere utfordrande nok i seg sjølv, i og med at arbeidet skal gjerast på ei ferjekai som er i hyppig bruk. Det gjer det ikkje mindre utfordrande at utsettinga av kaiarbeidet fører til at dei to prosjekta no må løysast samtidig.
Vegvesenet vil difor no slå saman arbeidet med ferjekaia på Kvanne og lyse alt ut på anbod som eitt prosjekt, skriv driva.no.
Sigerseth reknar med at dei vil invitere til anbodsrunde først i juni og at arbeidet startar rett etter ferien.

.png)

