vassforsyning_200x278

Stopp i vassforsyninga frå Fauskåa vassverk

Surnadal kommune orienterer om at på grunn av omlegging av hovudleidningsnettet vil følgjande eigedomar bli heilt utan vatn frå og med tysdag 22. februar kl. 21.00 og i om lag 5 timar: Moavegen 16, 18, 20 og 21. Skeivegen 4, 6, 8, 26 og 28. Skeivegen f.o.m. 59 - t.o.m. 99. Svartvassvegen 6 og 16. Ved påsetting av vasstrykket etter avslutta arbeid kan det bli noko brunfarge på vatnet. Dette er ikkje farleg og abonnentane blir oppfordra til å la vatnet renne til det er klårt igjen.