Gerd Ingrid 1_1024x1127

Grundig feiring av Henning Sommerro 60 år

Stor bredde i Vårsøghelga

Gerd Ingrid Kvendset er inne i sitt vanskelege andreår som sjef for Vårsøghelga og ho er spent. For det skal litt til å toppe fjoråret. Det er ho klar over for ho har fått svært mange positive tilbakemeldingar. - Som i fjor er programmet variert, våryrt og vakkert, seier ho og gler seg til åpninga med Henning Sommerro, John Pål Inderberg og 30 psykisk utvikingshemma i "Du – jeg, oss - dem - innenfor - utenfor". På Kleiva kjem Rita Eriksen trio saman med Henning og John Pål!

Det fortalte Gerd Ingrid Kvendset da ho letta mykje på programsløret for Vårsøghelga i dag.

"Du – jeg, oss - dem - innenfor - utenfor"
handlar om at alle menneske har same menneskeverd, men at vi ofte likevel kategoriserar og tenkjer at nokon er innafor og andre blir sett utafor i mange ulike samanhenger.

Danseforestillinga handlar framfor alt om våre kjensler, tankar og kommunikasjonen mellom oss, mellom publikum og aktør, mellom musikaren og dansaren, mellom deg og meg. Forestillinga handler også om den djupe gleda det er å få utnytta sine evner, bety noko for andre, og om ein vedvarande bekymring for at vi lever i eit samfunn som ikkje verdset dette.

- Også i år blir det jubileum for ein Lindemann - Ludvig Mattias - med opera på Øverlandet. Spennet og variasjonen er stor i årets Vårsøghelg. Det er frå opera, via Rita Eriksen trio på Kleiva saman med Henning Sommerro og John Pål Inderberg til pinsekveld på Hammerstuene med "Hot Club de Norvege", ung profil med Pelbo (tuba, trommer og vokal) med Ine Hoem i spissen, samt Batteri og stor forestilling på Sagatun med Perikom som vertskap, ramsar Gerd Ingrid entusiastisk opp.

Spektakulært 60-årslag
- Og avslutninga i år blir berre spektakulær med 60-årslaget til Henning Sommerro, der alle vi har spurt stiller opp. Det blir ei utfordring å begrense forestillinga, smiler Gerd ingrid.

Det detaljerte progammet vil kome etter kvart, lover ho og tykkjer Vårsøghelga også i år greier å heve seg. Du kan følge Vårsøghelga på facebook her.

Laget Vårsøg er medlem av Trollheimsporten med link - bli medlem - alle her!