
...sjølv om ein ikkje vant riktig kvar kamp
Stor fotballglede i Silregn Cup...
SilregnCup har nok eit av dei mest originale namna på ei fotballturneringar, men denne gongen vart det ikkje så ille vær som namnet kunne tyde på. I alt 41 lag var med i år, og det vart spela i alt 61 kampar. Surnadal IL A-lag slo KBK2 - det kan du lese alt om her.
Det var kampar på alt 7 banar og enkelte foreldre hadde det travelt med å finne ein plass der dei kunne følgje med ungane sine, som spela på kvart sitt lag på forskjellige banar. Mellom kampane var det mange unge og gamle som nytta høve til å slappe av med litt pølse og brød, pizza eller grillmat.
På ein av banane kom eg i prat med nokre mini spelarar frå Bøfjord/Bæverfjord laget. 10 år gamle Anja Brauten Sollid fortalde at ho var både spiss og forsvarsspelar på laget. Anja var ikkje heilt fornøgd med å tape for Rindals-Troll/Rindøl, men at ho var like blid sjølv om laget tapte denne kampen. Dei hadde da to kampar igjen å spele.
Tekst og foto: Lars Magne Bæverfjord
Sjå mange bilder fra SilregnCup nedanfor, klikk på dei og sjå dei større - klikk vidare og sjå dei i ein serie:
Knøttelaga til Søya/Todalen og Surnadal IL var glade etter kampen, og ut fra bildet er det vanskeleg å sjå kva for lag som vant. Speleglede mangla det ikkje på:


.png)





