
Kr. 81 882,00 vart samla inn av bøsseberarane!
Stor gjevarvilje i Rindal!
Alle husstandene i Rindal fekk i ettermiddag besøk av bøsseberarane frå TV-aksjonen 2010. Opptellinga av pengane som vart samla inn er ferdig, og resultatet i år vart mesta 10 000 kr betre enn i fjor!
Det betyr at kvar rindaling i snitt gav 40 kroner på bøssene. I tillegg til bøssene er det til no komme inn over 25 000 kr fra Øvre Rindal skule, Rindal kommune, Rindal Sparebank, Fagforbundet, Sanitetsforeninga(kaffesalg) og offer i kapellet. Ser vi på fylkesoversikta ligg Rindal no på 3.plass med kr. 46,57 etter Sandøy med 69 kr og Tingvoll 50 kr pr innbyggar. - Men vi veit at enda er ikkje alt med, slik at resultatet for Rindal vil passere 50 kr pr.innbyggar, seier sekretær for den lokale innsamlingskomitéen Kjellaug Foseide til Trollheimsporten. Ho rettar ein stor takk til alle som stilte opp for TV-aksjonen!

.png)

