igltjønna slistadion 29

Stor glede hos Rindal IL

Hovudutvalget for kultur i Trøndelag fylke delte denne veka ut tippemidlar til frilufts- og idrettsanlegg, og Rindal IL fekk tildelt 1 344 000 kroner!

Håkon Solvik_500x333.jpg
Arkivbilde

– Sjølv om beløpet var forventa, så er vi svært glade for at vi fekk heile det omsøkte beløpet på ein gong, seier Håkon Solvik i Rindal IL.

– No er byggelånet nedbetalt.

Det er lysanlegg, tidtakarbu og rulleskitrasé med asfaltdekke som er dei tre prosjekta som no er ferdigstilte. Med tidlegare utbetaling så har idrettslaget fått ca 2,2 mill. kr. Til desse prosjekta.

Solvik retter også ein stor takk for gaver frå Rindal Sparebank og Rindal kommune, og ikkje minst til dugnadsgjengen som er registrert med over 1500 timar!

Med dette vil ikkje dei nye anlegga belaste driftsbudsjettet med ei einaste krone. Nytt lysanlegg med ledpærer reduserer strømutgiftene betydeleg.

Sluttrekneskap for prosjektet vil bli presentert seinare, seier Solvik.

Tildelinga ser slik ut, og summane er dei det vart søkt om:
Rindal sentrum lysløype -Lysanlegg 345 000
Rindal sentrum lysløype - Rulleskitrase med asfaltdekke 721 000
Rindal sentrum - lysløype tidtakerbu 278 000

Totalt 1 344 000

Igltjønna skistadion 2020-01-30.jpg
Toppbildet og bildet over er fra webkameraet på Igltjønna Skistadion, idag og ein vinterdag.

2018_Håkon Solvik og Dugnadsgjengen_ÅretsIldsjel-Rindal_foto Viggo Jakobsen_1280x853_690x460.jpg
Representantar for Dugnadsgjengen som mottok Årets Ildsjel-pris i 2018 i lag med Ola T. Heggem som ordførar.

Hovedutvalg for kultur fordelte totalt 162 millioner kroner til 153 frilufts- og idrettsanlegg i Trøndelag.

Som ei følge av koronapandemien prioriterte utvalget denne gongen frivillige lag og foreininger som har igangsett eller ferdigstilt anleggsprosjekt i år. Formålet er å bidra til at lag og foreininger kan betale løpende kostnader knytta til bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet, heiter det i meldinga frå fylkeskommunen.

– Vi tek utfordringane til frivilligheita under koronakrisen på alvor, og deler ut heile årets pott for spelemidlar til lagseigde idrettsanlegg, sier May Britt Lagesen, ledar for hovedutvalg kultur i Trøndelag fylke.