stangvik boligutvikling - bk brøske, lars inge kvande, ole ivar andersen

Vil bygge 10 leiligheiter i Stangvik aldersheim:

Stor interesse for leiligheitsprosjekt i Stangvika

Over 20 personar tok turen til Bondehuset då nystarta Stangvik Boligutvikling AS presenterte planene om å bygge 10 leiligheiter i Stangvik aldersheim.

Ingressfoto: Bjørn Kristian Brøske (f.v.), Lars Inge Kvande og Ole Ivar Andersen er blant initiativtakarane og eigarane i Stangvik Boligutvikling.

28. oktober fekk Stangvik Boligutvikling tilslaget på å kjøpe Stangvik aldersheim, Årvak, for 500 000 kroner. Då kjøpet vart kjent, var initiativtakarane klare på at dei ønskjer å utvikle dagens eigedomsmasse til sjølveigarleiligheiter.

Måndag viste dei tidlege skisser, utarbeidd av Georg Øye, som viste 10 leiligheiter med storleik på alt frå om lag 60 til godt og vel 100 kvadratmeter.

Bjørn Kristian Brøske frå Stangvik Boligutvikling var møteleiar, og han fortalte forsamlinga at dei tidleg tok kontakt med Ingvar Sæther, som gjennom SM Bygg var med på å teikne og bygge aldersheimen då den vart bygd.

– Vi er heldige som har fått med Ingvar. Han har lang erfaring frå bransjen, og sit med mykje verdifull erfaring, seier Brøske, som fortalte at Sæthers klare anbefaling var å dele leiligheitene horisontalt, men med mulegheit om å for nokre som går over to plan.

Torsdag i førre veke hadde selskapet møte med Georg Øye, med befaring på aldersheimen og vidare møte i Bondehuset. Det var i dette møtet dei vart samde om å gå vidare med ei planløysing som per no gjev totalt 10 leiligheiter.

Øye er no leigd inn til å utføre arbeidet i Fase 1, altså lage eit skisseprosjekt fram til og med førehandskonferansen Stangvik Boligutvikling skal ha med Surnadal kommune. I tillegg er arkitekten i gang med å lage teikningar med plan for utearealet, fasade, bilplassering og planløysing inne i leiligheitene.

– Grunnen til at vi startar denne fasen såpass tidleg, også saman med kommunen, er at vi vil få vite mest muleg om tekniske føresetnader og liknande. Det gjer at vi får vite mest muleg om kva som ventar oss når vi skal i gang med bygging, seier Bjørn Kristian Brøske.
 

Vil tilby noko for alle

Målet til selskapet er å få til bortimot alle leiligheitene som treromsmulegheiter, truleg med nokre få unntak. Åtte av dei ti leiligheitene ligg så langt teikna inn med mellom 55 og 83 kvadratmeter grunnflate, medan dei to leiligheitene i midten er planlagt, større med sine 106 m2.

– Vi er livredde for å ekskludere kjøpargrupper her, og vi skal verkeleg jobbe for å kunne tilby noko for alle, seier Brøske, medan styrekollega Lars Inge Kvande legg til:

– Vi har jobba for at det skal vere minst muleg fellesareal, slik at kima for konflikt skal vere teke vekk i størst muleg grad.

Stangvik Boligutvikling har med seg Surnadal Sparebank på laget.

– Dei er med oss på finansiering av kjøp og prosjektering fram til leiligheitene er klare til sal. Vi er veldig fornøgde og takksame for å ha med oss lokalbanken på trinn 1 og 2 – kjøp og prosjektering, seier Brøske.

Han fortel at det ligg an til at alle leiligheitene i andreetasje får egen balkong, medan alle i førsteetasje får eigen platt på mark.

Brøske la ikkje skjul på at dei før byggestart er avhengige av å selje leiligheiter.

– Akkurat kor mange som må seljast før vi kan starte er vanskeleg å seie no, for det finst fleire modellar for oppstart. Vi har ikkje landa på noko modell, og det er ulike ting som kjem til å spele inn på kva vi vel, seier han, og legg til:

– Vi har eit mål om at det skal vere ei økonomisk oppside for dei som kjøper før bygging tek til, så det lønner seg å vere tidleg ute.

I og med at selskapet har som mål å nå flest muleg kjøpargrupper, blant anna ungdom, er dei klare på at kvadratmeterprisen skal vere klart lågare enn den var då Surnadal kommune prøvde å selje leiligheiter i bygget.

–  Dei prisane kommunen prøvde å selje leiligheiter i aldersheimen for, var altfor høge. Så kvadratmeterprisen må bli lågare no, seier Bjørn Kristian Brøske.

Bergsvein Brøske skyt inn:

– Det dette handlar om no er å optimalisere heile prosjektet, når det gjeld kostnader, for å få til ein mest muleg rett kvadratmeterpris. For den kritiske faktoren med tanke på realisering av prosjektet, er å finne kjøparar, og å gjere dette så attraktivt at meir enn halvparten av leiligheitene vert kjøpt.


– Eit reinspikka ildsjelprosjekt

Målet med møtet måndag kveld var å orientere interesserte innbyggjarar, i tillegg til å komme i kontakt med både potensielle kjøparar og folk som kan vere interesserte i å vere med på eigarsida i selskapet.

Per i dag er det ni aksjonærar i Stangvik Boligutvikling, der alle eig 10 aksjar a 500 kroner kvar.

– I arbeidet fram mot oppstart av bygging ønskjer vi ein flat eigarstruktur, der drivkrafta skal vere det å få prosjektet i hamn, seier Brøske, og legg til:

– Ønskjer ein å vere med i selskapet vil ein altså då måtte betale 5000 kroner, og då vil ein få ein prosentvis eigenandel ut i frå talet på aksjonærar.

Prosjektet har så langt vore det Brøske omtalar som eit «reinspikka ildsjelprosjekt».

– Slik må det og vere. Dette skal ikkje vere eit profittprosjekt, men eit reint bulystprosjekt. Det er det dette handlar om. Skal dette verte noko av, er vi og avhengige av at ballen rullar heile tida, og dersom ein vil vere medeigar må ein rekne med å ta i eit tak på dugnad, seier han.

Initiativtakarane fekk mykje ros for ideen og tiltaket, og mange nyttige innspel frå dei frammøtte.

– De er komne nesten overraskande godt i gang, med tanke på kor kort tid de har heldt på. Dette ser ut som om det er noko som kan passe for mange, og her får dei som blir med på eigarsida sjå konkrete resultat av det som vert gjort. Det er bra, seier Anders Fridtjof Røen.

– Ja, vi såg mulegheita då eigedommen kom for sal, og meiner dette skal bli ei veldig bra løysing for bygda, seier Bjørn Kristian Brøske.

På det åpne møtet fekk folk mulegheita til å sette seg opp på ei uforpliktande, men prioritert liste, for kjøp av leiligheiter.

– Det kan ein og gjere ved å ta kontakt med oss. Då vil ein få førsterett på prospekta når dei kjem for sal, seier møteleiaren.

Styret i Stangvik Boligutvikling føler dei er komne godt i gang.

– Vi har hatt god glid så langt. Det har gått slag i slag, og vi har kontraktsmøte med Surnadal kommune denne veka, slik at vi formelt eig eigedommen på nyåret 2020, seier Bjørn Kristian Brøske, som innrømmer at han tykkjer aldersheimen, og dermed og dei kommande leiligheitene, ligger idyllisk til:

– Det er ein kjempefin plass, sentralt i Stangvika, med stien til Storsetra rett attmed. Ein kan velje om ein vil gå eller sykle til Svissholmen, landvinden er ikkje den hardaste og ein er garantert soltimar sjølv om vinteren. Beliggenheita er rett og slett kjempebra, og dette er eit spennande prosjekt, tykkjer vi.