SUSrock 2_350x223

Storarta og swingande SUSrock

Med storprosjektet ”SUSrock 2010” har 10.trinnet på Surnadal Ungdomsskule har gjort reisa gjennom norsk rock si historie, til ei storarta flott forestilling. Sjarm, speleglede, humor og høgt nivå både på det som vart prestert på scena og opplegget rundt heile produksjonen, gjorde at salen i Surnadal Kulturhus kvitterte med ståande applaus etter premieren onsdag kveld. Sjå bildekavalkade her!

Elevane har jobba med ”SUSrock 2010” sidan februar, og kan med all grunn vere stolte av det dei har fått til med hjelp frå prosjektleiar Håvard Halset og dei andre lærarkreftene som har vore med og stått på for prosjektet.

”SUSrock 2010” er ein presentasjon av norsk rock – og dermed også av motebildet og samfunnstilhøva – frå 1950-talet og fram til i dag. Med ei rammehistorie med tilbakeblikk og mimring om eit band sin oppstart og utvikling, framfører dei unge scenetalenta både glimrande solistinnslag og flotte dansenummer.

Speleglede og sikker sceneframtoning dominerer forestillinga, der musikken sjølvsagt har ei dominerande rolle – fra 50-talets swingdans via Pussycats og Prudence til nyare rockeklassikarar som ”Splitter pine” (DumDum Boys), ”Harry” (CC Cowboys), ”Kokken Tor” (deLillos) og "Ambitions" (DonkeyBoy). Rett og slett ei storarta musikalsk forestilling av unge Surnadal-talent.

Det blir også forestillingar onsdag og torsdag i Storstuå i Surnadal Kulturhus. Har du ikkje allereie skaffa deg billettar, så gjer det! La deg rocke.

Klikk på bilda under for større versjonar.

SUSrock 1_720x479
50-talet si ungdomsglede og rock'n'roll-opprør blir teke på kornet.
SUSrock 3_720x555
Hippietida inntek Storstuå!
SUSrock 4_720x479
Andreas Dalsegg Sæter (t.h.) som solist i Kokken Tor.
SUSrock 5_720x430
Dansegruppa imponerte med fleire tøffe og elegante innslag.
SUSrock 6[1]_720x572
Dorthe Skapell, spela av Emma Øyane, helsar på fansen under Spellemannprisen.
SUSrock 7_720x502
Harald Polden overbeviste med sin versjon av CC Cowboys-låta Harry.
SUSrock 8[1]_720x517
Ingen tvil - det er rock'n'roll!
SUSrock 9[1]_720x479
Andrea Einmo Engdal, Hampus Hoem, Bjørnar Skralthaug, Lena Johnsen, Ingrid Bergheim, Niclas Møyholm og Peder Mauset.
SUSrock 10[1]_720x578
Ida Betten song Jokke & Valentinernes Her kommer vinter'n.
SUSrock 11[1]_720x501
Humor, variasjon og dyktige aktørar pregar 10.trinn-prosjektet.
SUSrock 12_720x446
Heile gjengen samla til finalenummeret.
SUSrock 13[1]_720x466
Solid applaus til dei som har jobba bak scena.
SUSrock 14[1]_720x593
Det dyktige bandet, beståande av Gard Rognskog Nødset, Gunnar Wullum Wesche, Frank Hannasvik, Simen Fiske Kvande, Hilde Nordvik, Kenneth Ødegård Sørvik og Ingrid Bergheim.