Fjälltopphelg3_250x198

Storarta Surnadals-innsats

Kristoffer Berset, Ragnhild Mogstad, Ida Mogstad og Berit Mogstad frå Surnadal IL gjorde alle solid innsats under "Fjälltopphelgen 2010" i Sverige i helga.

Skiavslutninga i Bruksvallarna samla dei beste svenskane og ein god del nordmenn frå heile landet. Totalt 1594 deltakarar var på plass under den 26. utgåva av Fjälltopphelgen, og surnadalingen Ragnhild Mogstad plasserte seg like godt øverst på pallen i 11-årsklassen i "Lilla Fjälltopploppet".

Kjempefornøgde: I løpet, som gikk over 3,9 kilometer fellesstart i fristil, stilte 23 deltakarar. Ragnhild gikk 9,7 sekund raskare enn Moa Larsson frå Hede SK, og sikra seg med det altså førsteplassen. På øverste bildet til høgre står Moa og Ragnhild på seierspallen sammen med Sanna Johansson som tok tredjeplassen. OL-vinnar Daniel Richardsson (t.v. i bildet) delte ut premiane.

I klasse G 11, der 29 løparar konkurrerte, tok Kristoffer Berset ein sterk andreplass, 19,7 sekund bak Axel Aflodal frå Stockholm.

- Vi er kjempefornøgde med løpet laurdag. Det var artig å kunne hamle opp med dei beste svenskane, fortel Ragnhild og Kristoffer.

Ida Mogstad gikk også bra, og vart nummer 18 på distansen 4,9 kilometer fellesstart i den sterke 14-årsklassen.

- Blir lagt merke til: Berit Mogstad deltok i "Stora Fjälltopploppet", som gikk over 26 kilometer fellesstart i friteknikk. Berit vart beste norske løpar i D 17-18 år og gikk inn til ein sjetteplass, 2 minutt og 53 sekund bak Julia Svan - dotter av Gunde Svan, den velkjende storløparen på 1980- og 90-talet.

Per Øyvind Torvik, som er lærar ved Meråker skigymnas og ein del av trenarteamet til sprintlandslaget, var imponert over løparane frå Surnadal IL.

- Dette er svært gode prestasjonar, som blir lagt merke til i og med at rennet samlar dei beste svenskane.

I herreklassen stilte fleire OL-vinnarar frå Vancouver. Svenske Anders Södergren vann herreklassen føre landsmannen Daniel Richardsson. Begge var med på stafettlaget som tok OL-gull for Sverige. Petter Northug jr. kom på tredjeplass i Bruksvallarna.

Som de ser til høgre, stilte Anders Södergren gladeleg opp på bilde saman med Ragnhild Mogstad og Kristoffer Berset.