Byggsak_350x263

Store forskjellar i byggjesaksgebyr

Frå 2007 til 2010 auka byggjesaksgebyret for ein einebustad på 200 kvm i Surnadal, frå 2455 til 5200 kroner. I same periode auke gebyret i Rindal frå 1670 til 2850 kroner. Sjølv om auken har vore stor, er "våre" to kommunar likevel langt unna gebyrnivået i Nesodden, der dei krev 34.000 kroner for å byggjesaksbehandle ein søknad om å setje opp einebustad. Men Surnadal og Rindal har heller ikkje gratis byggjesaksbehandling, slik sju kommunar rundt om i landet kan freiste med.

Dette viser KOSTRA-tal for 2010 som er bearbeidd av Huseiernes Landsforbund. Dei rimelegaste kommunane er bygdekommunar med god avstand til storbyar, medan dei dyraste enten er storby sjølv eller nabokommunar til ein storby. I dei ti dyraste kommunane kostar det meir enn 20.000 kroner å få behandla ei slik byggjesak, skriv huseierne.no.

Dei ti dyraste kommunane er:

Nesodden 34.000

Oppegård 30.550

Bærum 25.800

Lørenskog 24.500

Klæbu 23.580

Trondheim 23.580

Skedsmo 23.000

Fet 22.000

Vestby 21500

Ski 21.180

Dei ti billegaste kommunane er:

Krødsherad 0

Tokke 0

Vinje 0

Froland 0

Bokn 0

Modalen 0

Namsskogan 0

Tydal 427

Træna 500

Sigdal 680

Sjå oversikta over alle kommunane her.