Lene Gåsvatn

Store ord for små-folk

Det skulle bli Typisk Døyparen å peike på Jesus-kompisen sin i staden for å blåse seg opp sjølv. At Jesus skulle vekse mens Johannes skulle avta, var berre slik det skulle vera. Skal tru kva me fekk i stand om me gjorde det på same viset sjølve? Dette blir tema på gudstenesta ved Rindal Eldresenter sundag kl.11. Vel møtt til alle!

Preiketeksta frå Johannes 3 er som fylgjer:


Dei gjekk til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på andre sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.» 27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det blir gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias, men eg er send føre han. 29 Den som har brura, er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, han gleder seg stort når han høyrer røysta til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka.

Tekst: Lene Gåsvatn