vårsøg cover

Storfest til ære for Henning

Det er berre å setje av datoen først som sist. 27.mai blir det ei konsertoppleving utenom det vanlege i Surnadal idrettshall. I anledning Henning Sommerros 60-årsdag slår nemleg Vårsøghelga på stortromma, og inviterer til ein uforglemmeleg konsert med både lokale og nasjonale artistar. Og ikkje minst; Vårsøg blir gjenforent!

- Henning Sommerro fyller 60 år 3.mai, og for å gi Henning og folket i Surnadal ein minnerik oppleving arrangerer Vårsøghelga ein konsert som vil vise breidda i Henning Sommerro sin musikk, sier leder i Vårsøghelga, Gerd Ingrid Kvendset. Her blir det opera, folkemusikk, klassisk, rock og viser. Sommerro kan vise til ein imponerande CV med stor variasjon i sjangrar og stil og vi gler oss til å få presentert ein smakebit av arbeidet hans av framifrå artistar som omtrent har stått i kø for å vera med på å hylle Henning, fortsetter Kvendset.

- Av artistar kan vi nemne: SKRUK, Trondheimsolistene (kvintett), Famntak, Trond Halstein Moe og Tone Søyseth Døving saman elevar ved operaskulen i Stjørdal syng frå Operaen på Steinvikholmen, Hildegunn Eggen frå Trøndelag Teater si oppsetting Ann Magritt (Falkberget), Edvard Hoem, Arild Hoksnes, Batteri, Hans Rotmo, John Pål Inderberg m.fl. - alt leia av orkesterleiar Trygve Brøske og Oddgeir Bruaset som er kveldens konferansier. Det ligg med andre ord an til ein god del humor, sier Kvendset. 

Kveldens høgdepunkt er nok likevel at visegruppa Vårsøg igjen står saman på scenen. Vårsøg var ei visegruppe som bestod av Knut Blekken, Johnny Gausemel og Henning Sommerro.  Dei vann Spellemannprisen 1978 i klassen visesang for albumet "Sola e komma". - Så vidt vi veit er det første gong dei spelar saman etter bruddet. I tillegg vil det bli nokre overraskingar som vi trur jubilanten vil setta pris på. No håpar vi folket i Surnadal vil gå mann av huse for å oppleve denne unike konsertgiganten, avslutter ein engasjert Kvendset som vil takke  Surnadal Sparebank, Surnadal kommune, Sparebank1 og Svorka som er med på å realisere denne draumen av ein konsert.

Billettsalet startar i dag, onsdag 28.mars. Da opnar og førehandssalet på Vårsøgpasset, tidlegare helgapass som gir adgang til heile vårsøghelga og på konserten «Henning – så langt» i Surnadal idrettshall. Billettar får du kjøpt ved www.billettluka.no/ tlf. 71 65 73 08 eller i resepsjonen ved Vårsøg hotell. 

Onsdag 28. mars vil Vårsøghelga opne ei Facebookside kor dei vil leggje ut nyheiter framover. Oppfordringa er altså: Følg med og "lik" sida!