
Storsatsing på friluftsliv
Knykstigen, foto: Styrkår Brørs
Formannskapet i Surnadal vedtok rett før sommarferien å løyve 280.000 kroner til registrering, merking og skilting av turar i kommunen over ein treårsperiode frå og med inneverande år. Kommunen ønskjer at ikkje berre fotturar, men også turar for ski, sykling og padling skal registrerast og merkast.
Registrering av turar skal skje gjennom ”Morotur”, som er ein nettstad for Møre og Romsdal fylkeskommune. På denne nettstaden finn ein faktaopplysningar om ulike turar, slik at ein kan finne fram til turen som passar for seg. Her er det også innlagt GPS-filer av traseane, slik at det er muleg å skrive ut turen på kart. Eit hovudføremål med denne registreringa er å gjera turar som allereie eksisterer, og som også ofte er merka frå før, kjent for folk.
Lag og organisasjonar kan motta 500 kroner per registrert tur på www.morotur.no for opptil 10 turar per lag. Det blir da kravd at ein skal registrere tre grøne, tre raude og tre svarte turar, pluss ein valfri. Fargene viser til gradering av turstiane etter nasjonal standard. I tillegg kan same lag eller organisasjon få tilsvarande støtte for anten sykkel-, ski- eller padleturar, altså 20 turar totalt. Føresetnaden er altså at turane først må leggjast ut på og vera godkjent av ”Morotur”.
Surnadal kommune ønskjer også at det skal vera turtilbod i alle delar av kommunen, og går derfor inn og støttar merking og skilting av inntil to turar i kvar grend med 5000 kroner per tur. Det er da rekna med åtte grender i kommunen: Todalen, Nordvik, Stangvik, Nedre Surnadal, Øvre Surnadal, Nordmarka, Bæverfjord og Bøfjorden. Eit vilkår for støtte er at nasjonal standard for skilting og merking blir følgd, at parkeringsforhold er avklara og at skriftlege avtalar med grunneigar er på plass.
Surnadal kommune ønskjer snarast å oppdatere og trykkje opp att det gamle Friluftskartet frå 2006. Fordi ein kan hente ut kart over dei enkelte turmåla frå ”Morotur”, vil ikkje kommunen prioritere små kart for kvar enkelt turområde.
”Skisporet.no” er ei webløysing som gir innbyggarane rask og nøyaktig informasjon om skiløyper og status i forhold til tråkking. Ut ifrå farge på løypene kan ein sjå kor lenge det er sidan det er tråkka. Det er no sett av 60.000 kroner over to år for å gjera dette til eit servicetilbod også for Surnadal.
Kommunen vil dessutan arbeide vidare med turanlegg i samband med rullering av idrettsplana for Surnadal kommune. Kultureininga i kommunen vil samarbeide med frivillige organisasjonar, folkehelsekoordinator og Frisklivssentralen om dette arbeidet. Av anlegg det kan vera aktuelt å prioritere i åra framover er mellom anna gangveg langs Surna, utbygging av området rundt Glønavatnet, universelt utforma turløype i sentrum og ny turløype frå Skei over Kleiva som knyter seg opp mot Knykstien og vidare inn i Trollheimen.
Kommunen er enno i startgropa med turprosjektet, men eit par enkeltprosjekt er likevel alt i gang. På Nordvik er det starta eit større prosjekt med merking og skilting av turstiar. Dessutan går arbeidet med skilting av Knykstien mot slutten. Skiltinga ut frå parkeringsplassen i Skeisnebba er no ferdig slik at det er lett å finne fram til hovedstien som går opp lia.
Surnadal kommune håpar no at lag og organisasjonar tenner på dette prosjektet og går i gang med registrering, merking og skilting. Dette gjeld ikkje berre idrettslag, men også andre interesserte organisasjonar som til dømes grende- og historielag.
Det er Surnadal kommune som skriv dette i ei pressemelding!