
Storseljedagen 2013
Det brann i ei bålpanne heile dagen, så det var muleg å grille pølser for den som ville.
Det var også fleire uhøgtidlege(? ) konkurransar. Først var det natursti/quiz. Etterpå vart det konkurrert i hopp, før det heile vart avrunda med kapprenning ned frå Fagerfjellet.
Kapprenninga var nok høgdepunktet for mange av deltakarane. Det var fellesstart frå toppen, og få eller ingen reglar, så det vart ein del knall og fall før det vart kåra vinnarar i dei ulike klassane. (Kanskje oppnådde ikkje alle dei plasseringane dei hadde håpa på...!? :-) Også i hopprennet vart det kåra fleire vinnarar i ulike klassar.
Flotte svev!
Glade vinnarar i hopprennet!
Blide jenter!
Dyktige arrangørar og mykje folk sørga for ein super dag for alle!
Vi håpar på like fint ver og like mange oppmøtte neste langfredag!
Tekst: Iren Moen
Foto: Odd Rune Einmo