Storslagen jubileumsfeiring
Laurdag ettermiddag inviterte Todalen Misjonsforening til feiring av at dei i år fyller 170 år. Det flotte ungdomshuset i Todalen vart fylt opp av folk frå nabobygdene som ville hylle jubilanten.
I 1845 vart foreininga skipa på Kårvatn, tre år etter at Det Norske Misjonsselskap vart skipa. I startåra hadde den rundt 100 medlemmer og var einaste foreining i Todalen dei første 20 åra.
Jubileumsfesten opna med at leiar Einy Rendal Elgsæther gav eit historisk oversyn. Det kan du lese nedst på denne sida. Det kom inn nesten 13 000 kroner i gave til misjonsarbeidet på jubileumsfesten.
Festtalar var Finn Ove Kaldhol, tidlegare Kamerunmisjonær. Kaldhol var glad for å få vere med på dette jubileet i Todalen. Dette er eldste foreininga i Møre.
- Fantastisk å tenkje på at folk her inne i Todalen stifta misjonsforeining for å bringe Guds ord til Afrika mesta før breva frå dei første misjonærane hadde komme tilbake frå Afrika.
No er det kristne kyrkjer med millionmedlemsskap i alle verdsdelar! Mykje er skjedd sidan første dåpen på pinsedag.
Den andre hovudposten på programmet var ei todelt minikonsert med Todalskoret og Åsskard kyrkjekor dirigert av Bernt G. Bøe. Korsongarane opna med Gunnar Wennerbergs mektige «Görer portarna höga» - den passa godt på ein jubileumsfest for ei misjonsforeining.
Organisten bruka også kora til å lære forsamlinga nokre av dei mindre kjente salmane i den nye salmeboka.
Festen gav sjølvsagt god plass til gjester som hadde helsingar til jubilanten. Før pausen fekk sokneprest Bernt Venås og leiar i Surnadal kyrkjelege fellesråd, Lars Polden ordet.
NMS er jo den misjonsorganisasjonen som er nærast knytta til kyrkja både historisk og i dag, sa Venås.
To av generalsekretærane i NMS har vorte biskopar, og misjon er ein vesntleg del av det å vere ei kyrkje. Han minte også om at kvinnene fekk stemmerett i NMS eit tiår før vi fekk allmenn stemmerett i Norge.
- Ver stolte av den tradisjonen de står i, sa Venås (t.v.). Polden overrakte foreiningsleiaren ei plante, ei plante som veks, - slik som NMS, sa han.
Misjonær Åse Neergård har vore misjonær i Etiopia og følgt arbeidet der i 40 år. Ho fortalde om kva arbeidet misjonen har sett igang betyr for folk i Etiopia.
- Det spirer og gror! Vi er stolte av innsatsen din. Du som er med i ei misjonsforeining, - ver stolt av det, sa Neergård. Det er ein talrik skare ute i verda som er takknemlege til misjonsfolket i Norge.
Så var det mange helsingar frå foreiningar i nabolaget.
Arne Drøpping (t.v.) helsa frå Ålvundeid og regionen. Inger Marie Paulsen helsa frå NLM-foreininga Vårdag i Surnadal.
Utsnitt av møtelyden.
Nedafor kan du lese litt historikk ført i pennen av Einy Rendal Elgsæther.
TODALEN MISJONSFORENING 170 ÅR 2015
Det er no 10 år sidan sist vi var samla til stor jubileumsfest for Todalen Misjonsforening NMS med over hundre frammøtte. Men i mellomtida, i 2009, så har vi også feira 100 års jubileum for Sjømannsforeninga, som er ein del av Todalen misjonsforening etter dei to foreningane vart slått sammen i 1996. Hadde det ikkje vore for det, så hadde kanskje ingen av foreningane vore i gang i dag. Vi har eit godt og verdifullt samarbeid, men med to formenn som deler på ansvaret. Lovise Jørgensen er formann i foreninga for Sjømannskirka – Norsk kirke i utlandet og Einy Rendal Elgsæther er formann for Det norske Misjonsselskaps del. Ho tok over for få år sidan etter Margrete Hals som da hadde vore formann i 40 år frå 1970. Ho lever fortsatt. Ho var med og deltok på 160-årsjubileet og ho hadde også eit sterkt innlegg under 150-årsjubileet for Todalen kyrkje i 2011 da foreninga vår var invitert til å ha ein misjonskveld i kyrkja.
Foreninga har felles sekretær, som no er Signe Grønmyr og kasserar Ildri Øyen.
Medlemstalet har dessverre gått nedover. På dei siste ti åra har vi mista mange av våre trufaste medlemar. Men vi har heldigvis også fått nokre nye. I dag er det knapt ti som deltek på dei månadlege møta som vi har rundt i heimane to timar på ettermiddagen. Det er ganske stor aldersspredning, frå 30 til godt over 90.
Indre Todalen Missionsforening, som vart stifta17. desember 1845 i ei avsidesliggande bygd på Møre, berre tre år etter at Misjonsselskapet vart stifta i Stavanger i 1842, var ei frukt av ei religiøs vekking på 1840-talet, som det står i bygdeboka: «Ei sterk pietetsrørsle nådde bygda kring 1840. Ei frukt av denne religiøse rørsla var den gamle misjonsforeninga---- som gjennom lange tider var ein viktig faktor i det åndelege livet i bygda. -- I meir enn tjue år var misjonsforeninga det einaste laget i bygda.»
Omtrent heile bygda var representert i foreninga, ca 100 medlemar var med den første tida, både kvinner og menn. Og grunngjevinga for å starta foreninga var: «Vi samtlige medlemmer finner ensamvittighetsplikt i at virke med til Guds Riges udbredelse i blant ikke kristne folkeslag og indgaar derfor i Jesu navn følgende forening:» Så følgjer statuttar og 7 grunnreglar etc. Første grunnregelparagraf lyder:
«Foreningens Formaal er efter beste Evne at medvirke til Christendommens Utbredelse blant ikke Christne Folkeslag og tilmed at virke og nære Sansen hos seg selv og andre for Misjonens hellige Sag.»
Eit vidsynt perspektiv og store visjonar.
Dette har det vore arbeidd trufast for i så mange år, og halde regelmessige møter med andakt og misjonsinformasjon og innsamling til misjonsarbeidet. Det har også vore ført grundige møteprotokollar og rekneskap gjennom dei fleste år. Desse bøkene må seiast å vera både historiske og kulturelle klenodiar og er svært interessant lesnad som viser mykje av menneskas liv og lagnad her i bygda.
Også i vanskelege krigsår greidde dei å ha 10 møter i året og i 1942 ein stor 100års jubileumsfest for stiftinga av Det Norske Misjonsselskap i 1842. På den festen kom det inn kr 188,23, «riktig ein sver innkome på ein fest,» står det i protokollen. Dei feira også sitt eige 100-årsjubileum i 1945 og elles har det vore feira 80, 90, 150 og 160 -årsjubileer.
I 1870-åra er det kvinnene som tek over arbeidet, og i 1923 finn vi ei medlemsliste over Todalen Kvindeforening med 23 kvinnenamn. Frå denne tida har det nok stort sett vore kvinneforening og arbeidsforening, slik det også er i dag.
Foreningsarbeidet ber preg av stabilt og trufast leiarskap som har ført detaljert referat frå kvart einaste møte.
I 1996 gjorde Nils Kalset eit stort og viktig arbeid ved å tyda skrifta i desse dokumenta og maskinskriva dei.
Sjølv om vi ikkje er så mange lenger, har vi det fint på møta med Guds ord og andakt, song, opplesnad frå to interessante misjonsblad, god bevertning, handarbeid og kosleg prat. Og vi er glade og takksame for at foreniga enno er aktiv og levande etter 170 år. Men vi ønskjer oss nye medlemar.
Det er fortsatt vårt ønskje at arbeidet må ha framgang og lukkast slik dei som starta foreninga ønskte og bad om, så stadig nye menneske og folkeslag kan bli nådd med evangeliet om Guds nåde i Kristus Jesus.
Einy R.Elgsæther