
Rindalsordføraren med i nytt råd for Husbanken
Stort engasjement for bustadpolitikken

Regionalt råd for Husbanken - region Midt-Norge: John Ole Aspli (bak i midten) med statsråd Liv Signe Navarsete foran. Ellers består rådet i Midt-Norge av Marit Vold Skrove, Verdal, leiar, Bjørn Tømmerdal, Ålesund, Sissel Trønsdal, Tronsheim og Robert Svarva, Levanger.
I samsvar med Rindal Vest
- Dette føyer seg inn i det klare synet mitt omkring ny bustadpolitikk, med bustadsatsinga i kommunen og Rindal Vest, seier John Ole Aspli til Trollheimsporten, stolt over å ha fått oppdraget frå deparementet og statsråden.
Det betyr at eit større ansvar for bustadpolitikken blir lagt til kommunane, med høgare kvalitet og moderne bustadbygging. - Innan dette er Husbanken eit godt verktøy i den nasjonale bustadpolitikken, seier han og er glad for at Husbanken no blir rusta opp til å bli eit verktøy for heile landet - ikkje berre byane, men og distikta. - Det er her Rindal befinn seg og eg tykkjer det er fint å bli spurt om dette oppdraget. Det viser at vi blir lagt meke til med opplegget for Rindal Vest. Samtidig står eg ved at dette er den viktigaste saka i Rindal kommune, etter Nytunet, som og er ei bustadpolitisk sak, seier Aspli.
Nordmøre og Orkdalsregionen
- Ein del kommunar er flinke til å bruke Husbanken. No ønsker eg innspel og kontakt med heile Midt-Norge både på Nordmøre og i Orkdalsregionen, seier han.
Det er rotfesta i heile landet at vi skal ha vår eigen bustad. Derfor er det viktig å legge tilrette for alle gupper. No er det ikkje alle som treng einebustad når dei skal etablere seg, men kanskje noko mindre i startfasen. Det prøver vi å få til med Rindal Vest. Det er det mange andre kommunar som legg tilrette for også. Her vil regionrådet i Husbanken kunne kome med innspel og råd når nokon har planer om utbyggingar, fortel Aspli. - Vi kan bidra med ein dynamikk så alle for seg ein god bustad, legg han til.
Han er glad for å få bli med på dette. - Eg håpar å kunne vere med å ta den statlege bustadpolitikken ut lokalt, arbeide aktivt med den opp mot Nordmøre og Orkdalsregionen og bidra slik at alle kan nyttiggjere seg dei økonomiske midlane staten kanaliserer gjennom Husbanken, seier han.
Klikk her og les alt i pressemeldinga frå Kommunal og Regionaldepartementet om regionalråda for Husbanken og bustadsatsinga.

.png)

