panelet_1024x683

Stort engasjement kring grunnlovsendring og ny kyrkje

Kring 40 personar møtte opp for å drøfte framtida til Den norske kyrkja da det vart invitert til ope møte med dette som tema på Kyrkjelydshuset på Skei tidlegare i veka. Bakgrunnen for møtet er den komande grunnlovsendringa om forholdet mellom stat og kyrkje som skal behandlast i Stortinget på mai. På møtet vart det uttrykt både håp og ønske for framtida, men også bekymringar for at kyrkja skal utvikle seg i feil retning når dagens statskyrkjeordning opphører.

Eit sterkt lokalt firkløver som innleidde til debatt om framtida til kyrkja i Kyrkjelydshuset tysdag kveld: Frå venstre Ola T Heggem, Lilly Gunn Nyheim, Solfrid Jensvoll og Bernt Venås. Alle foto: Norunn Holten

Administrerande direktør i KA (Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon), Frank Grimstad, var hovudtrekkplaster i panelet av innleiarar på møtet. Frå lokalmiljøet stilte også fire sterke røyster: Ola T Heggem, Lilly Gunn Nyheim, Bernt Venås og Solfrid Jensvoll. Dei tala for ei engasjert forsamling der mange greip ordet for å seie meininga si om denne saka, som fleire meinte innebar den største endringa av Grunnlova etter 1814. Sentrale spørsmål som vart belyste og diskuterte, var korleis kyrkja skal organiserast i framtida, kven som skal ha arbeidsgivaransvar for dei tilsette og korleis kyrkja bør finansierast. Innhaldet i kyrkja vart også diskutert, dvs. kva slags kyrkje vil vi ha i framtida?

Frank Grimstad greidde ut om bakgrunnen for at ei grunnlovsendring av statskyrkjeordninga no kjem. Delvis har kyrkja ønska dette for å kunne ta ein del avgjerder sjølv, mellom anna når det gjeld utnemning av biskopar. I tillegg har også staten funne ut at det ikkje er berre lett å ha ein statsreligion, både i forhold til internasjonalt regelverk og det faktum at vi er blitt eit multikulturelt samfunn, forklarte Grimstad. Partia på Stortinget har derfor inngått eit forlik som innber eit forslag om at sju paragrafar i grunnlova blir endra. Dei viktigaste er ifølgje Grimstad § 2 og 16. I paragraf 2 heiter det «Den evangelisk-lutherske Religion forbliver Statens offentlige Religion. De Indvaanere, der bekjende sig til den, ere forpligtede til at opdrage deres Børn i samme.» Paragraf 16 inneheld følgjande formulering: «Kongen anordner al offentlig Kirke- og Gudstjeneste, alle Møder og Forsamlinger om Religionssager, og paaser, at Religionens offentlige Lærere følge de dem foreskrevne Normer.» 31. mai skal Stortinget behandle grunnlovsendringane, og med dette vil statskyrkjeordninga slik vi kjenner ho i dag vera forbi.

Framtida til kyrkja skal no ut på høyring, og folk har i samband med dette mulegheit til å koma med innspel på korleis dei meiner kyrkja skal bli. «Det som skjer no er avgjerande for kva slags kyrkje vi skal få i framtida», sa Frank Grimstad. Han var derfor glad for at så mange hadde møtt fram på møtet for å engasjere seg i saka. Sjølv meinte han at denne anledninga kunne nyttast til gi dei lokale menigheitene større makt. «Vi kan bruke denne anledninga til å laga ei betre kyrkje- og den bør vera lokalt forankra», sa han. Bernt Venås advarte mot å tru at alt vil fortsette som før sjølv om lova blir endra. «Stat og kyrkje skal skiljast. Det må vi ta til etterretning. Vi kjem til å forandre oss,» sa han. Venås tala også varmt om folkekyrkja, som han innrømte å ha fått meir og meir sansen for med åra, og som han vil behalde også i framtida. «Kyrkja er ein merkeleg symbiose mellom dei som brukar den ofte og dei som brukar den av og til», slo han fast, og meinte kyrkja måtte vera open for begge desse gruppene. Han trudde også den kristne trua er meir levande blant det norske folk enn førsteinntrykket kan tyde på. Fleire som tok ordet på møtet drog fram at det er til kyrkja folk drar i krisesituasjonar.

Det faktum at ein stor del av brukarane av kyrkja brukar den veldig sjeldan, vart tatt opp av også andre enn Venås under møtet. Fleire gjekk ut med støtte til tanken om ei folkekyrkje og poengterte at kyrkja må vera der når du har bruk for ho. Samtidig som det var semje om at kyrkja også i framtida bør vera ei folkekyrkje, meinte likevel fleire det er eit problem at så mange brukar ho så sjeldan. Lene Gåsvatn var blant dei som ønskte at folk kunne ha bruka kyrkja meir aktivt. «Det blir inga kyrkje utan menigheit, og det blir ikkje noka menigheit utan at vi sluttar opp om kyrkja også utanom dei gongene vi er nødt til å gå dit», sa ho.

Lilly Gunn Nyheim presenterte eit konkret forslag til målformulering for Den norske kyrkja i framtida: « Gjennom effektiv og profesjonell organisering skal Den norske kyrkja legge til rette for at kyrkja sin bodskap og kyrkja sine tenester kan nå ut til innbyggjarane.» Denne formuleringa gjekk, som ein kan sjå, ikkje inn på eit anna spørsmål som vart diskutert på møtet, nemleg forholdet mellom konservative og liberale kristne innafor kyrkja. Fleire stilte spørsmål til om ei ikkjestatleg kyrkje og meir makt ut til dei enkelte menigheitene ville kunne føre til at «mørkemennene» fekk kontroll over kyrkja. Andre trudde at meir demokrati berre ville styrkje kyrkja. Sverre Hatle var mellom dei som tok til orde for eit slikt synspunkt. «Eg trur ikkje engasjement er farleg for kyrkja. Det som er farleg er at alle er likesæle», meinte han.

Lilly Gunn Nyheim var blant dei som også tok for seg spørsmål kring korleis finansieringa av kyrkja skulle bli i framtida. Ho viste til eksempel frå utlandet på kyrkjer som skaffa mesteparten av ressursane sine gjennom bidrag frå medlemmene, til dømes i form av kyrkjeskatt. Mellom anna er den danske folkekyrkja i det vesentlege finansiert gjennom medlemsbidrag, fortalde ho. Ho hadde likevel ikkje så stor tru på dette som inntektskjelde her hos oss. «Eg trur ikkje at menigheitene og folket i Surnadal og Rindal er klare for medlemskontingent», konkluderte ho. Ho meinte det måtte bli opp til fellesråda å bestemme om finansieringa av kyrkja skulle skje i form av rammeoverføringar frå staten eller øremerka overføringar frå staten, kanskje indirekte via kommunane, eller om pengane skulle takast inn gjennom medlemskontingent og kyrkjeskatt- eller ein kombinasjon av fleire løysingar. Alle som tok opp spørsmålet om finansiering, såg for seg statlege overføringar i større eller mindre grad. Fleire advarte mot løysingar som kunne gjera at folk ikkje kunne vera medlemmer av kyrkja på grunn av dårleg økonomi.

Mange var også opptatt av at kyrkja skal vera ei levande kyrkje, og diskuterte kva som skal til for at kyrkja skal bli meir levande. Kyrkja må brukast til meir enn seremoniar, vart det sagt. Somme konkrete forslag vart også kasta fram, til dømes at kyrkja kan vera ein arena der elevar ved kulturskulen kan få visa fram kva dei har arbeidd med. Vidare var fleire bekymra over at mange unge opplever det som vanskeleg å stå fram med trua si. Mange såg det som uheldig at dette var så utbredt blant mulege framtidige brukarar av kyrkja. Alt i alt ga møtet klare signal om kva som rører seg på grasrota i kyrkjespørsmål, og Frank Grimstad fekk desse med seg tilbake til hovedstaden. Dei mange innspela kan nok også vera gode å ha med i vurderingane når den lokale kyrkjeleiinga skal gi sin uttale i høyringa.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 Til venstre : Frank Grimstad håpa at vi i framtida framleis vil ha ei folkekyrkje der verdiar som demokrati og frivilligheit står sentralt.

Til høgre: Bernt Venås tala også varmt for ei folkekyrkja også i framtida.

Bra frammøte viste at det er stort engasjement kring spørsmålet ny kyrkjeordning i Surnadal.