
Stort engasjement kring sentrumsplan
Plassane i Svorkasalen på Kulturhuset vart oppfylt og ekstra stolar måtte berast inn da sentrumsplanen for Surnadal vart presentert for bygdafolket torsdag kveld. Planen og planarbeidet vart først presentert før det vart opna for innspel frå publikum. Og innspel vart det mange av utover kvelden! Det er tydeleg at dette er ei sak som engasjerer mange i kommunene, ikkje minst dei som blir direkte berørte av innhaldet i planen. Meir frå debatten kring sentrumsplanen seinare.

.png)

