Jenny Klinge_350x261

Stortingspolitikaren sin kunstpause

Stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Surnadal er også ivrig kunstnar. Laurdag var den travle rikspolitikaren på besøk i heimbygda for å vere med på opninga av Surnadal Kunstforening si medlemsutstilling "Vintersyn", der ho sjølv deltek med tre bilete.

Surnadal Kunstforening er 30-årsjubilant, noko som kjem til å bli markert seinare på året. Den årlege "Vintersyn"-utstillinga, som blir vist i Finstuå i Surnadal Kulturhus ut februar, viser at det er god aktivitet og stor breidde i uttrykka i den lokale kunstforeininga.

Ulike teknikkar som olje, akryl, collage, foto og tekstil er representert, og årets deltakande kunstnarar er Rannveig Brøske, Anne Vognild Einum, Randi Skrøvset Hatle, Jenny Klinge, Anne Grete Kvendset, Torbjørg Ness, Marion Otterlei, Berit Anne Botten Røkkum, Lisbet Bruseth Solenes, Bjarne Stenberg, Anny Wigum, Reidar Østvik og Elin Anita Aasland.

Klikk på bilda for større versjonar.

Jenny Klinge_900x670
Jenny Klinge uttrykkjer seg kunstnarleg både gjennom både måleri og grafikk.
Lisbeth Bruseth Solenes_900x713
Lisbet Bruseth Solenes frå Stangvik debuterte på årets Vintersyn-ustilling.
Surnadal Kunstforening - Vintersyn 2011_900x597
Kulturleiar Lilly Husby (t.v.) med utstillarane som var til stades under opninga laurdag. F.v. Lisbet Bruseth Solenes, Elin Anita Aasland, Berit Anne Botten Røkkum, Anne Grete Kvendset, Reidar Østvik, Jenny Klinge, Anne Vognild Einum og Randi Skrøvset Hatle.