Hjort

Storviltjakta startar

Torsdag 1. september er jaktstart for mange, og Per Helge Pedersen på Rindalsskogen skal sette seg på post i halv femtida og vente på dagslyset - og viltet!


2_690x388.jpg
Per Helge Pedersen og Torgrim Furuhaug er dei to som har vore med i Ettersøksgruppa i Rindal heilt frå starten. I dag er dei 3 mann som deler på denne jobben.

Per Helge Pedersen er ledar for Ettersøksgruppa i Rindal der han har med seg to til med godkjente hundar. Dei må ut i oppdrag ved skadeskyting, men det håper Pedersen det blir lite av under jakta.

Elles vil du sjå av videoen nedafor at dei ofte må ut på søk etter at bilar har kjørt på dyr. Det minner oss om at vi må følge med vegkantane særleg om morgonen og i skyminga.

Trollheimsporten håper vi får meldingar og bilde frå jaktlag når jakta er igang, hjortejakta frå 1. september og elgjakta frå 10. september.

Foto: OleT/John J.

Video om Ettersøksgruppa i Rindal laga av John J. Storholt.